– Og minst like viktig: Snakk fint til deg sjølv. Skulen sitt oppdrag er å utvikle heile mennesket, og gi alle et godt grunnlag for å leve gode liv. Dette er store ord, men likevel heilt på sin plass – for det som skjer på skulen, tek vi med oss heile livet.
SJÅ VIDEO:
Frå videoen: Linn Katrin Pilskog, byråd for barnehage, skule og idrett, klipte snora på opninga, med god hjelp av rektor Trond Sandal og elevrådsleiar Håkon Julshamn.
Nye spesialrom og plass til fleire elevar
Midtun skole er utvida med 150 elevplassar med eit tilbygg. Skulen har dermed plass til 500 elevar no.
Tilbygget er på fire etasjar, og har eit areal på 2.540 kvadratmeter. Bygget er utforma slik at den nye delen dannar ei V-form inn mot den opphavlege fasaden av hovudbygget med to tilkoplingspunkt. Det er dermed laga eit lukka atrium mellom bygga med glastak over.
Byggearbeida omfattar både rivingsarbeid og rehabilitering i eksisterande hovudbygg, SFO-bygget og bygget mellom gymsalen og hovudbygget.
Tilbygget husar
- musikkrom
- naturfagsal med formidlingsrom
- kunst- og handverksbase og kjøkken
- atrium
- bibliotek
- rom og grupperom til fyrste og andre trinn
- kontor til lærarane
Uteområda er rusta opp med mellom anna nye leikeapparat.
Under rehabiliteringa flytta elevane rundt på skulen, og dei brukte den gamle lærarhøgskolen på Landås som erstatningsskule ein periode.
Det nye tilbygget ble tatt i bruk rett før jul i 2019, men på grunn av pandemien ble det offisiell opning først no.
Fakta om rehabiliteringsprosjektet
- Bruttoareal: 2.540 m2
- Prosjektkostnad: 227 mill. kroner
- Arkitekt: Artec AS v/ Liv Marit Haraldsrud
- Entreprise: Totalentreprise
- Totalentreprenør: Veidekke AS
- Byggherreombud: Abo Plan & Arkitektur AS
Elevrådsleiar Håkon Julshamn er veldig nøgd med rehabiliteringa. Han trekker fram de nye flotte spesialromma, atriet og at lærarane har fått nye arbeidsrom som det beste med den nye skulen.
– Eg skulle ønske eg kunne begynne i første klasse i år, slik at eg kunne brukt dei fine basane som første og andre trinn har fått.