Undersøkingar og samtalar med elevar, foreldre og tilsettte våren 2022 synte at det var behov for å jobbe meir med inkludering knytt til språkbruk og antirasistisk arbeid på skulen. Vi ønsker ikkje å ha ein kultur på skulen der det er greit å snakke nedsetjande om eller til andre, enten på norsk eller andre språk. Dette er noko vi er veldig opptatt av, både for den enkelte elev og for fellesskapet vårt!
I veke 36 hadde skulen besøk av Lisa Esehol Knudsen. Ho er bergenser med fleirkulturell identitet, og er nå er busett i Oslo med jobb i organisasjonen Minotenk. Lisa har skrive bøker om rasisme og antirasistisk arbeid, og alle tilsette har fått boka “Håndbok mot rasisme”. På besøket på YA over to dagar delte Lisa frå sine erfaringar og sin kompetanse, både til dei tilsette og i besøk til klassane på mellomtrinnet. Rasisme og inkluderings-arbeid er tema i alle klassane i Timen livet, som er ei fast økt der vi sit i ring og tar opp viktige spørsmål.
I staden for tradisjonelle foreldremøter, hadde vi i haust foreldre- og barn møter. Med bortimot 100 % oppmøte på alle trinn, opplevde vi å få til gode samtalar der elavar, foreldre og dei tilsette drøfta korleis vi saman vil ha det på skulen. Kvart trinn gjorde konkrete avtalar knytt til korleis vi snakkar og er med kvarandre. Dette blir tatt opp igjen for den enkelte elev på utviklingsamtalen.
Vi har tru på at vi saman kan skape ein skule der vi nyttar gode ord og er inkluderar kvarandre både i leik og læring.