Bergen kommune kjøpte i 2022 eigedomsselskapet Dikkedokken AS. Eigedomane i selskapet er næraste nabo til USF Verftet med eit samla areal på 8874 kvadratmeter. Bygga på eigedomen er eldre industrihallar (Kjødehallane), den verneverdige Dikkedokken og Dokkehuset. Kommunen kjøpte eigedomen for å sikre utviklinga av eit kulturkvartal på Verftet.
Styret i selskapet har søkt kommunen om tre millionar kroner i auka eigenkapital. Eigenkapitaltilskotet skal gjere at selskapet kan forvalte, drifte og utvikle eigedomen i samsvar med føringane frå politiske vedtak og merknadar.
Selskapet har ikkje tilstrekkeleg med likvide midlar til å dekke utgifter til sikringsarbeid og ei ekstern utgreiing. Det var naudsynt å utbetre eit synkehol og sikre ei mur for å få den eine hallen godkjend til bruk hausten 2022. Kostnaden for dette var på 2,5 millionar kroner. Selskapet har òg fått oppdraget med å utgreie nærare utvikling og drift av eigedomen i eit langtidsperspektiv. Ekstern bistand til ei slik utgreiing er rekna til om lag 500.000 kroner.
Eigenkapitaltilskotet er føreslått innvilga gjennom ein retta emisjon.
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 26. januar