Ei fargerik gangbru i oransje og raudt heng i lufta over asfaltert bilveg.
Gangbrua over Jonas Lies veg er eit spektakulært syn. Ho bind saman det som tidlegare var Hunstad skule, ein statleg skule for hørselshemma (til høgre), med tidlegare Kronstad skule (til venstre). Det som før var Pinnelien barnehage, er no blitt del av oppveksttunet og har endra namn til Kronstad oppveksttun - barnehage.
Bilde: Astri Kamsvåg

Kronstad oppveksttun bind saman gammalt og nytt

Tidlegare Kronstad skole, Hunstad skole og Pinnelien barnehage er gjenoppstått som Kronstad oppveksttun. Oppveksttunet består av barneskule med plass til 300 elevar og barnehage med 80 plassar.

Stort grått bygg med bokstavane Kronstad oppveksttun på, knytt saman med bygning i raud teglstein.
Kronstad oppveksttun er eitt av ni oppveksttun i Bergen. Eit oppveksttun består av ein skule og ein barnehage på same stad.
Bilde: Astri Kamsvåg

Det meste av den gamle bygningsmassen er gjenbrukt. 

I byggeperioden har elevane vore i lokala til tidlegare Fana gymnas på Paradis. Pinnelien barnehage og Hunstad skole blei slått saman med Nattland skole i 2017 og blei til Nattland oppveksttun.

Turkis golv med fargerike møblar i oransje, raudt og grønt.
Sittegruppe som elevane kan bruke i pausane.
Bilde: Astri Kamsvåg

Sidan våren 2020 har området vore ein anleggsplass med riving, rehabilitering og nybygg.  Skulen og barnehagen opnar i august.

Bygge sosial kompetanse og vennskap på tvers

Amfi med sittebenkar i tre.
Siste puss på aulaen før han er heilt klar.
Bilde: Astri Kamsvåg

Barna i barnehagen skal kunne bruke nokre av fasilitetane på skulen, som amfiet og sløydrommet. Dei vil òg få ein fadder kvar blant dei yngre skuleborna. 

Trekvit benk påmala mønster i klare fargar. Setet er i glas, opplyst underifrå.
Aulaen er knytt saman med skulens spisesal. Dei fire kunstbenkane mellom spisesalen og aulaen er laga av Bendik Prestegård Vatne.
Bilde: Astri Kamsvåg

- Vi vil òg organisere felles leikar i friminutta saman med barnehagen. Slik legg vi til rette for integrering, vennskap på tvers av alder og for at barna skal bygge sosial kompetanse, seier rektor Jan Erik Reknes.

Fakta

Svømmebasseng med baneskillarar i raudt, kvitt og blått.
Bassenget som låg i tidlegare Hunstad skule, er totalrehabilitert.
Bilde: Astri Kamsvåg
  • Byggestart: våren 2020
  • Regulering: ABO Plan & Arkitektur
  • Arkitekt: LINK Arkitektur AS
  • Ekstern prosjektleder: Artec AS
  • Byggherreombud: Opak AS
  • Samspillsentreprenør: HENT AS
  • Kostnadsramme: 598,5 millionar kroner

Byggeprosjekt Kronstad oppveksttun

Raudt golv og veggar, mørkeraude puffar langs veggen, bord med stolar opp-ned i midten.
Grupperommet står klart for innrykk.
Bilde: Astri Kamsvåg
Gruppebord med stolar rundt. Uopna pappkasser står på bordet.
Klasserom på skulen. Enno er ikkje alt pakka ut.
Bilde: Astri Kamsvåg
Gul dør, raud teglsteinsvegg med blått og gult skilt med namnet til barnehagen på.
Det er ledige plassar i Kronstad oppveksttun - barnehage. Barnehagen er bygd for opp til 80 barn.
Bilde: Astri Kamsvåg
Lilla golv med spisebord og tripp-trapp-stolar.
Langbord i barnehagen. Teglsteinsveggen frå Hunstad skule er vidareført.
Bilde: Astri Kamsvåg
Lite toalett med to sete på, for små barn. Raudt tolokk.
Toaletta er tilpassa små kroppar.
Bilde: Astri Kamsvåg
To eske i plast med små leikebilar ligg oppå eit brett med fine teikningar.
Spill og leikebilar er på plass i barnehagen.
Bilde: Astri Kamsvåg
Store trekvite klossar ligg i ein haug på eit lavt bord.
Klossane ligg og ventar på innrykk er barnehagebarn 1. august.
Bilde: Astri Kamsvåg
Sennepsgult golv med grønne skap og hyller, trekvitt bord med stolar rundt.
Grupperom i barnehagen
Bilde: Astri Kamsvåg

Les mer om: