Smilande kvinne på åker
GRØN GLEDE: Gartnar Tone Rødseth ser fram til at vekstsesongen skal starte. Om få månader kjem det grønsaker og jordbær i åkrane på Solneset Gård.
Bilde: Kristin Bergitte Hauge

Dyrkar grønsaker og fellesskap

Lokal produksjon av grønsaker er vinn-vinn for natur, miljø og folk. På Solneset Gård aukar dei produksjonen av grønt, og inviterer samstundes byfolk til å ta del i dyrkinga.

Solneset Gård ligg vakkert til på Unneland i Arna, vel ein halvtimes køyretur frå Bergen sentrum. Rundt garden er landskapet framleis prega av vinter. Men om naturen spelar på lag, vil våte og aude jorde snart bli grøne og fruktbare åkrar.

Variert drift

Frode Larsen tok over på Solneset i 2014. Som bonde går han motstraums. Han jobbar fulltid, har sju tilsette og satsar innan fleire område. Garden har mekanisk verkstad og smie, høns, hestar og rundt 100 spelsau. Det er planer for turisme og eiga matservering.

– Vi har dessutan godkjenning som Inn på tunet-gard. Eg brenn for å gi folk opplevingar og høve til å oppleve meistring. Å få ein ungdom som ikkje gjer på noko, inn i utdanning eller fast jobb er veldig inspirerande, seier Larsen.

I tillegg deltek Solneset Gård i Urbanfarms – eit forskingsprosjekt ved Institutt for bioøkonomi (NIBIO). Forskinga skal gi svar på korleis gardbrukarar i byar og bynære strøk kan nytte nærleiken til byen for å auke verdiskapinga frå produksjonen sin på ein økonomisk, samfunns- og miljømessig berekraftig måte.

Frø i open hand
DYRK SJØLV: Til dei som vil starte med dyrking sjølv, anbefaler ho grasløk, kruspersille, ruccola, spinat, løk, redikkar, potetar, grønkål og gulrøter. – Dette er grønsaker som er enkle å få til, seier Rødseth.
Bilde: Kristin Bergitte Hauge

Einaste andelsbruk

Grønsaker er kanskje det viktigaste satsingsområdet for Solneset. På garden dyrkar dei mellom anna potetar, gulrøter, løk, salat, sellerirot, ulike beter og rotgrønsaker, kål, kålrabi, knutekål og urter.

– I Bergen er vi einaste produsent av jordbær, og einaste gard som driv med andelslandbruk, fortel Tone Rødseth. Ho er snart ferdig utdanna gartnar og kom til Solneset for å ha praksis i nokre dagar i fjor.

– No har eg fått ansvar for andelslandbruket og grønsaker. Det er ein litt skrekkblanda fryd. Å dyrke med store svingingar i ver og vind er krevjande. Det har og vore litt prøving og feiling med organisering av andelsgarden, som vi har hatt i fire år. Men no har vi funne ein form eg tenkjer vil fungere, seier Rødseth.

Lærerikt og sosialt

Ordninga med andelslandbruk går ut på at privatpersonar kan kjøpe seg inn i garden.

– Ein betaler 2500 kroner og får tilgang til rundt 50 kvadratmeter med dyrka jord. Det er krav om at ein må jobbe nokre timar med dugnad. Innsatsen vert lønna med grønsaker, urter og mykje læring i eit sosialt fellesskap, fortel Rødseth.

Som fersk innan gartnarfaget er ho fascinert av korleis ein må spele på lag med naturen for å lukkast med dyrkinga.

– Folk i dag veit ofte lite om kor krevjande det er å dyrke mat, både når det gjeld tid og ressursar. Å vere andelsbonde gir deg mykje kunnskap om natur og mat.

Mann og kvinne på åker
HAR TRUA: Bonde og eigar Frode Larsen har tru på meir grønsakdyrking, og føler seg trygg på at garden skal klare å levere kvalitet.
Bilde: Kristin Bergitte Hauge

Etterspør grønsaker

Det er stor og aukande etterspurnad etter lokale grønsaker, både frå restaurantar og privatpersonar. Denne sesongen har Solneset Gård planar om to produksjonar.

– Vi ynskjer å produsere så mykje som mogleg. Den eine delen skal gå til restaurantar og matlaging og utsal på garden. Den andre delen er knytt til andelslandbruket, fortel Tone Rødseth.

Bonde og eigar Frode Larsen har tru på meir grønsakdyrking, og føler seg trygg på at garden skal klare å levere kvalitet.

– Smaken på det grøne som er lokalt dyrka, vil ofte vere betre enn mykje av det ein får i butikken, meiner han.

Vil du bli andelsbonde? Les meir om Solneset Gård og andelslandbruk:

www.solnesetgard.no

www.andelslandbruk.no

Denne saka sto også på trykk i Bergenseren nummer 1 2020

LES OGSÅ: Gjer Bergen grønare