Byrådet har i sin politiske plattform eit mål om at Bergen skal vere Noregs grønaste by. I oktober i fjor vedtok bystyret «Dyrk Bergen» – ein strategiplan for urbant landbruk.
– Kommunen skal leggje til rette for at bergensarane kan dyrke sin eigen mat og auke kunnskapen sin om matproduksjon frå jord til bord, seier Gerd Lithun, rådgjevar i Etat for landbruk i Bergen kommune.
– Men for å lukkast treng vi samarbeid med andre, som Bybonden, friviljuge organisasjonar og engasjerte privatpersonar, påpeikar ho.
Meir enn mat
Lithun har merka seg at interessa for dyrking og etterspurnaden etter lokale grønsaker, frukt og bær er aukande.
– Potensialet for å dyrke meir i byen er stort, så dette er positivt, seier ho. Kommunen si satsing på urbant landbruk handlar om meir enn berekraft og sjølvforsyning.
– Dyrking er eit fantastisk verktøy for undervising, fellesskap og glede. Eit døme på dette er takhagen på Landås menighets eldresenter. Barnehageungar lærer om natur, dyrking og mat, og hagen er ein møteplass for generasjonane, seier Lithun.
Dyrkar i skogen
Matskogen på Landås er eit av prosjekta som får tilskot frå kommunen si ordning med urbant landbruk. I ei skråning mot Ulriken har friviljuge og naboar planta ulike fleirårige vekstar. Det skal gi næringsrik mat, auke det biologiske mangfaldet og betre jordsmonnet. Eit aldri så lite grønt kinderegg.
– Det er spanande å sjå korleis dei lukkast. Vi treng fleire prosjekt som matskogen i framtida, meiner Gerd Lithun i Etat for landbruk.
Opnar opp att Fru Mohr sitt gartneri på Barnas kulturskole
Ein gong var Barnas kulturhus i Kalmargaten 6 bustaden til fru Mohr. Ho dreiv eit gartneri der Kalmarhuset ligg i dag. Våren 2020 vil Barnas kulturhus opne gartneriet på ny. Barnas kulturhus er opent for skular og barnehagar i vekedagane, og for barnefamiliar på laurdagar mellom klokka 13.00 og 16.00.
Sjå fullt program for Barnas kulturhus her
Tek opp kampen mot insektdøden
Forsking syner at insektdød utgjer eit aukande trugsmål mot økosystema våre.
Bystyret har vedteke eit privat forslag som skal gjere Bergen til homlehovudstad på Vestlandet.
Sjå meir informasjon om vedtaket og kommunens tiltak her
Vil du etablere parsellhage?
Har du interesse for hage og dyrking? Då kan du saman med andre stifte
parsellag og etablere parsellhage.
Kommunen har ei tilskotsordning for urbant landbruk
Her finn du i tillegg ei handbok for parselldrift
Denne saken sto også på trykk i Bergenseren nummer 1 - 2020