I love YA

Tryggleik og trivsel for alle på YA

Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø, og alle ansatte har rett på eit godt arbeidsmiljø! Vi ønsker at Ytre Arna skule skal være ein varm og inkluderande stad for både store og små.

Skulen har difor utarbeidd ein plan for korleis vi vil ha det saman. Vi kallar den Standard for tryggleik og trivsel. Alle dei ansatte har vore med å lage planen over ein prosess på to år. 

Den er den viktigaste av standardane våre, fordi vi trur at at det sosiale og emosjonelle er eit grunnlag for all læring i skulen. 

Vi er alle viktig for fellesskapet! Saman er vi teamet på Ytre Arna, i leik og i læring. Dersom det er noko som ikke er bra ønsker vi å ta tak i det med ein gong. Sei frå- vi er her for deg som elev, foreldre eller ansatt.