Scrabblebiter med bokstaver som staver ordet "språk"
Bilde: Illustrasjon, Bergen kommune/Pixabay

Ny språkpolitisk plan for Bergen på plass

"Ordet fangar – språkpolitisk plan" er vedteken i Bergen bystyre. Planen svarar ut krava frå den nye språklova.

Den nye språklova seier at “offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa”.

Klart språk

Hovudbodskapen i planen er at alle delar av verksemda til Bergen kommune skal ta eit språkleg ansvar på sine fagområde. Ved nettopp å bruka klart språk må Bergen kommune sjå til at alle forstår viktige meldingar og bodskap.

Planen følgjer også opp det særlege ansvaret kommunen har for å fremja nynorsk i Bergen. 

"Ordet fangar – språkpolitisk plan for Bergen kommune" har vore på høyring, og det kom inn 22 innspel. Sjå tidlegare omtale av saka.

Om vedtaket

Bystyret vedtok innstillinga til utvalet samt ei endring på side 26 om at Bergen skal “oppretta eit tilbod om nynorsk parallellklasse på ein skule - uavhengig av kravet om ti elevar”. 

I tillegg vedtok bystyret følgjande tillegg: 

  • På side 29, punkt 3: "Nye verktøy og program skal finnast på både bokmål og nynorsk” etter “Stilla språkkrav i utviklinga av nye digitale tenester og leverandørar når me kjøper inn verktøy og program”.   
  • Bergen er ein språknøytral kommune. Difor under side 22, tiltak 8 om namn på avdelingar legg til: “I visse bydelar bør det skiltast på nynorsk, og somme avdelingar, seksjonar og etatar skal anten ha namn på både nynorsk og bokmål eller berre nynorsk”.   
  • Bystyret ber om at alle skjema og sjølvbeteningstenester frå Bergen kommune skal finnast på både bokmål og nynorsk.  
  • Bystyret ber byrådet jobbe for at færre elevar skal byte hovudmål frå nynorsk til bokmål. Med dette er meint å stille språkkrav, ha oppdaterte læremiddel og nynorskklasser.

Bystyret vedtok og nokre nye merknadar, mellom anna om klart språk i brev om byggesaker, om fremming av samisk språk, om å nedfelle Jon Fosse-sitat i gatene og om alderstilpassa informasjon. 

For detaljer sjå protokoll nokre dagar etter møtet. 

Les dokumenta i saka

Les alle sakene frå bystyret 25. januar