Resultat frå innbyggarundersøking i Ytre Arna bilde
Spørreundersøkelse

Innbyggarundersøking i Ytre Arna - 2014

I vår/sommar vart det gjennomført ei stor innbyggarundersøking blant innbyggarane i Ytre Arna. Her er resultata og dei viktigaste funna.

Undersøkinga vart sendt ut i post til eit tilfeldig, representativt utval av innbyggarar frå 15 år og opp. 400 personar svarte på undersøkinga, noko som er eit godt tal samanlikna med stadens totale innbyggartal. Arbeidet vart gjennomført av Ipsos MMI for Bergen kommune.

Målet med undersøkinga er todelt. For det første var målet å gjennomføre ei undersøking av folks haldningar til og bruk av nærmiljøet, for å kunne gjenta denne etter at Bergen kommune sitt områdesatsingsprogram er over. Ved å gjenta undersøkinga om nokre år, vil ein kunne få ein peikepinn på om områdesatsinga har gitt nokre positive resultat blant folk.

Det andre målet var å få tilbakemeldingar frå innbyggarane som eventuelt kan nyttast til å justere kursen på områdesatsingsarbeidet og dei prioriteringane som vert gjort framover. Kva justeringar som eventuelt bør gjerast, vil bli avklart i løpet av dei kommande par månadane.

Sentrale funn

Følgjande tema har blitt kartlagt i undersøkinga:

  1. Oppfatning av nærmiljøet
  2. Bruk av nærmiljøet
  3. Tilhørigheit og toleranse
  4. Informasjon om tilbod og tenester
  5. Kjennskap til områdesatsinga

Generelt er innbyggarane i Ytre Arna relativt godt nøgd med sin eigen heimstad, men dei yngre er mindre nøgd enn dei eldre. Dei tilboda som vert opplevd som viktigast i nærmiljøet, er dei som legg til rette for ikkje-organisert aktivitet og som ein kan nytte kva tid og på kva måte ein vil. Butikkar, turstiar og effektivt kollektivtilbod kjem ut på topp blant tilbod som folk synst er viktig for å trivst i nærmiljøet.

Ein indirekte analyse som er gjennomført i rapporten viser at opplevd tryggleik er den faktoren som er den viktigaste for om folk opplever staden som attraktiv. På spørsmål om opplevd tryggleik kjem Ytre Arna bra ut, men det er likevel rom for forbetringar, spesielt når det gjeld skuleveg. Denne indirekte analysen viser også at gode lokale møtestader og at nærmiljøet er reint og godt vedlikehalde er viktige faktorar å satse vidare på. På desse to punkta kjem Ytre Arna ganske svakt ut, og det er store rom for forbetring.

Det er altså berre innbyggarar frå 15 år og opp som har svart på undersøkinga; dette må takast med når ein les dei ulike svara. Mellom anna er det høgst sannsynlig at barn og unge under 15 år i større grad nyttar seg av organiserte fritidstilbod enn dei som har svart her.

Heile undersøkinga kan ein laste ned ved å følgje lenka til høgre.

Monica Mæland ser folkedans på Ytre Arna skule
Full dans på Ytre Arna skule
Synnøve Aas

 

Vedlegg