40 år på leirskole

For tidligere rektor Anne har arbeidet ved leirskulen vore ein pedagogisk visjon. Det er eit god stykke arbeid ho har lagt ned, eit arbeid mange har fått med seg og enda fleire fått gleda av å oppleva

BT-magasinet var med oss ein dag i februar, les her kva dei skreiv om besøket.

Har du høyrt den om rektoren som skulle fornye passet sitt?

- Eg er 153 centimeter, sa rektor.

- Det er du ikkje, sa lensmannen og forlangte at rektor skulle måle seg.

- Du er 149, slo han fast.

- Ikkje kul! Du skal skrive 150, forlangte rektor.

Autoritet er ikkje eit spørsmål om centimeter. Lensmannen gjorde som han fekk beskjed om.

«Det e hon! Det eee hon!» Dei to små bergens­arane som diskuterte ivrig ved bassengkanten på Hotel Alexandra i Loen, hadde rett. Det var rektor Martinsen som sumde fram og tilbake i bassenget.

Bergens minste rektor er vant til å bli kjent att. Ho kan knapt krysse Torgallmenningen eller handle på Lagunen utan at nokon kikkar eller tek til å kviskre, sjølv om ho ikkje har budd i Bergen på fire tiår.

- Det er fordi eg er så liten og lett å kjenne igjen, seier Anne Martinsen.

Ho er sjef for ein bergensk institusjon sju mil søraust for bompengeringen. Gjennom 40 år har 70.000 byungar med stillongs i sekken og sommarfuglar i magen, reist til Hålandsdalen på leirskule. I like mange år har Martinsen stått i tunet og ønskt velkomen til eit intenst fellesskap fullt av opplevingar.

- Leirskule skal vere så gøy at du hugsar det så lenge du lever, seier 64-åringen.

Så gøy at mange hugsar rektor, også. Ikkje sjeldan har sjuandeklassingane med ei helsing heimanfrå.

«Eg skal hilse deg fra min far. Huskar du han?»

Veteranen gløymer aldri sin første leirskule. Både mor og far Martinsen var lærarar og ivrige leirskulepionerar på 1950-talet. Mor, som var lærar på «Ulriken framhaldsskole for piker», tok elevane med til Reimegrend på Mjølfjell. Vesle Anne hadde ikkje begynt på skulen enno og fekk vere med.

Då dei kom fram, trekte ein elev ei svær frisørhette opp av den grå Bergans-sekken og monterte monsteret på bordet.

- Jentene på rommet vaska håret og tørka seg i hetta kvar dag. Eg hugsar det den dag i dag.

Ho synest ho var heldig som vaks opp i ein lærarfamilie, og var aldri i tvil om kva ho skulle bli når ho var stor. Eller kva ho ville lære. På Volda Offentlege Lærarskule forlangte ho sløyd.

- Eg var før mi tid. Den gongen skulle jentene berre lære makrame og strikking, men det hadde eg ingen planar om. Med lova i hand, kravde eg retten til å velje sjølv. Lærarskulen måtte byggje om heile læreplanen på grunn av meg.

- Lange drag, jenter, lange drag!

To tolvåringar kjempar i kvar sin ende av saga som står bom fast i kubben. Rektor Martinsen kastar seg inn i redningsarbeidet.

- Vent! Vi må ha ei skikkeleg sag!

Rektor finn ei ny og gir rask innføring i kunsten å dele ein vedkubbe i to.

- Handa her, foten der, kom igjen! Sjå, no blir det andre bollar.

Å gå rundt i bygdetunet på leirskulen er som å spasere rett inn i ein episode av «Farmen» eller «Anno». Når rektor rundar hjørnet, går ho på to 12-åringar med øks. Martinsen tek øksa frå den eine og demonstrerer «damemetoden» for vedkløyving - meir teknikk, mindre rå kraft - så flisa fyk.

- Før måtte folk hogga ved til ein heil vinter. Tenk, alt arbeidet. I dag kan de gå på bensin­stasjonen og kjøpe ein sekk, seier ho og leverer øksa tilbake.

Ho var ferdig utdanna i 1977, same år som Bergen kommune lyste ut den første lærarstillinga på ein ny leirskule i Hålandsdalen. Kommunen hadde kjøpt eigedomen fem år tidlegare for å drive leir­skule i skuleåret og feriestad for barn med spesielle behov om sommaren.

Martinsen søkte og fekk jobben. Fram til 1993 var ho einaste lærar for nær 600 elevar i året. I 2002 overtok ho som rektor etter Nils Otto Myrlid. Same år vedtok bergenspolitikarane at leirskule skal vere gratis.

I dag har Hålandsdalen leirskole 17 tilsette og tek imot 2600 barn kvart år. Denne veka er det 73 elevar frå Ådnamarka og Mathopen sin tur.

- Vi kjenner på presset om å levere kjempegode tenester heile tida. Leirskuleveka må vere unik. Ingen må sitje att med negative inntrykk, seier Martinsen.

- Har barna forandra seg på dei 40 åra du har vore lærar?

- Dagens elevar er vel så flinke til å oppføre seg som før i tida.

- Har det hendt at du har sendt nokon heim?

- For mange år sidan las eg ein BT-reportasje om ein kar som sat inne og hadde mislukkast med alt i livet. Han hadde til og med blitt sendt heim frå leirskule. Eg tenkte: «Aldri i mi tid. Aldri skal eg gjere det». Vi sender ikkje barn heim med mindre dei er til fare for seg sjølv eller andre. Det har skjedd to gonger.

- Kva hadde elevane gjort?

- Den eine var i psykose og balanserte på rekkverket. To andre fyrte opp bål i senga.

- Lengtar mange heim?

- Veldig sjeldan. Heimlengten til barna er erstatta med separasjonsangst hos foreldra. Det er den største forskjellen på før og no.

- Korleis artar det seg?

- Då vi hadde automat på veggen, opplevde vi at telefoneringa tok heilt overhand. Foreldre ringde heile tida og bad om å få snakke med ungane sine. Ein del elevar vart urolege av å snakke med dei heime og begynte å gråte, og vi opplevde at foreldre plutseleg stod på tunet for å hente barna sine.

Så kom mobiltelefonane.Ikkje berre kunne mor og far kommunisere seint og tidleg med barnet på leirskulen. I tillegg gjekk den mobile jungeltelegrafen frå rom til rom nattetid og førte til uro og søvnmangel.

- Det tok heilt gale vendingar. Eg tok det opp med skulesjefen og byrådsavdelinga og sa at «dette kan eg ikkje ha ansvar for».

På dei fleste skulane i Bergen er det lov å ha med mobilen, dersom telefonen er slått av og ikkje er synleg. Det er ikkje nok på ein leirskule, seier rektor.

- Vi innførte mobilforbod i 2004. Det vart ein del bråk, men det skjer svært sjeldan at nokon prøver å smugle inn mobilen.

For nokre foreldre er det tøft å ikkje ha kontakt med 12-åringen på fem dagar. Ein far trassa forbodet og pakka mobilen i sekken til barnet. På leirskulen gløymde eleven telefonen, men sekken hans ringde og ringde.

Mobilen kom for dagen, stappfull av anrop og meldingar.

- Barnet var fortvilt over at mobilen var med. Eg ringde faren. Han unnskylda seg og forklarte at han hadde så behov for dialog.

I huset hundremeter frå skulen bur rektor saman med Herman Håland. Han står også på lønningslista til Bergen kommune. Den godlynde Berner Sennen-hunden blir betalt i to skiver leverpostei kvar dag pluss restar, og er ein trivselsfaktor i særklasse på leirskulen.

I mange år har Martinsen engasjert seg i kommunepolitikken i Fusa, og ho var ordførarkandidat for Kristeleg Folkeparti. Etter at partiet tok til å samarbeide med FrP etter kommunevalet i 2015, har ho gått ut av lokalpolitikken.

- Eg høyrer til venstresida i partiet og ønskjer samarbeid mot Arbeidarpartiet. Ikkje i min villaste fantasi kunne eg tenkje meg å styre kommunen saman med FrP.

- Men her er du blitt?

- Her er eg blitt. Det hadde eg aldri trudd sjølv, men alt eg trudde og håpte på då eg kom hit, er blitt realitet. Det er fantastisk. Leirskule er læring for livet; ei fellesskapsoppleving ein ikkje får igjen. Hålandsdalen leirskole har i alle år hatt ein stor heiagjeng i Bergen kommune og fått ein enorm posisjon. Folk veit kva leirskule er, og at her får elevane skikkeleg behandling, god innkvartering og mat. Alle som jobbar her, har eit klart oppdrag: det er elevane vi er her for.

Til hausten får skulen eit nytt påbygg med tre soverom. Då kan også elevar med spesielle behov få den tilpassa innkvarteringa dei treng for å ha det verkeleg godt på leirskulen. For sjølv om rektor får mange idear av å sjå på «Anno» og «Farmen», er det ein stor forskjell.

Ingen skal ut. Alle skal med.

Regnet piplar mot ruta. Skiløypene i Hålandsdalen er dekte av brunt gras denne rare vinteren, men rektor veit råd for uråd. I staden for skitur kan elevane velje mellom lefsebaking, toving, isfiske eller tur med hest og kjerre.

Jentene på treverkstaden sette garn under isen i dag tidleg, og snakkar i munnen på kvarandre om alt dei har lært.

Er isen 4-5 cm tjukk, kan han bere ein mann. Er isen 8-10 cm tjukk, kan han bere hesten hans, også. Når isen er 25 cm tjukk, kan du køyre lastebil på han!

No ventar isfiskarane på at fisken går i garnet. I mellomtida spikkar dei skaft til ostehøvlar, og enno er det ein time igjen til lunsj.

- Rektor er kreativ. Når vi ikkje kan gå på ski fordi det regnar, kjem ho på ein ide som er mykje gøyare, seier Sigrid Vikne Sandvik frå Ådnamarka skole.

- Det er veldig snilt av rektor å ta med Herman Håland på jobb. Han er så snill og god å vere med, synest Nathalie Stormark Urhaug frå Mathopen.

- Korleis er det på leirskule?

- Veldig kjekt, sjølv om eg saknar mamma og pappa. Vi blir kjende med mange nye og lærer ting vi ikkje kunne før. Å lage ostehøvel, for eksempel, og å isfiske, seier Nathalie.

- Eg har gledd meg veldig lenge. Eg har tre brør. Alle har vore her. Han eine var forresten veldig begeistra for deg, seier Sigrid til rektor.

- Når var han her? spør rektor.

- Samtidig med søsteren honnes, seier Sigrid og peikar på ei i klassen.

Mange av sjuandeklassejentene frå Ådnamarka og Mathopen er høgare enn rektor. Martinsen kjem til å tenkje på første gong ho skulle til Mathopen og reklamere for leirskulen. Ho gløymer det aldri.

- Eg punkterte på vegen, måtte skifte hjul og kom fram ti minutt etter at timen hadde begynt. Eg hadde med meg eit stort lysbilete­apparat, og lurte på kor i all verda eg skulle finne elevane. I korridoren kom ein mann i slips og dress og sa at «eg kan vise deg kor du skal». Jippi, tenkte eg. Mannen følgde meg til eit rom og sa «her er den nye klassen du skal gå i». Han trudde eg var den nye eleven! Sånn er det å vere liten.

På rektors kontor ligg fleire små Herman Håland-kopiar i glaskarmen. Kosedyr til utlån. Originalen søv tungt under bordet. Det går i ytterdøra.

- Det er Terje. Eg kjenner dei tilsette på lydane, seier rektor Martinsen.

Og ganske riktig. Det er Terje Ask som står i kontordøra like etterpå. Han er driftsansvarleg og «grådig god i smie», for å sitere sjefen. Ho kan ikkje få fullrost den allsidige staben sin på 17 personar.

- Eg kunne aldri gjort dette aleine. Gjengen som jobbar her, er dedikert. Dei vil ta del, gjere ein forskjell. Vi har bygd opp eit godt fagmiljø, og til saman har vi kompetanse i utruleg mange fag.

Ingen vil gå glipp av leirskulen. Ein elev som mista mor si ein torsdag, kom på leirskulen måndagen etter. Gravferda vart utsett ei veke.

- Eleven hadde det best her, med venninnene sine, men trengde av og til ei ekstra hand og ein prat, seier rektor Martinsen.

- Kva om elevar blir sjuke?

- Det skjer uhyre sjeldan. Hadde arbeidslivet vore som leirskulen, ville alle vore friske.

-------------

I 1972 kjøpte Bergen kommune Hålandsdalen Fjellstue.

Eit vedtak i Bergen skolestyre same år slo fast: «Eiendommen skal utbygges og disponeres spesielt til leirskole og feriested for funksjonshemmede».

Frå første dag var målet for kommunen å drive leirskule gjennom heile skuleåret, i tillegg til å bruke eigedomen som feriestad for elevar med spesielle behov.

Dei første åra tok leirskulen i mot 600 elevar i året. I dag er talet kring 2600.

I 1975 betalte elevane 45 kroner døgnet på leirskule. I 2002 vedtok Bergen kommune at leir­skule skal vere gratis for alle.

Hålandsdalen leirskole var ein av dei første i landet med fast pedagogisk personale. Den første faste lærarstillinga kom i 1977. Anne Martinsen fekk jobben, og var einaste lærar fram til 1980. Ho overtok som rektor i 2002.

Hålandsdalen leirskole har i dag 17 tilsette. 5,5 årsverk er lærar­stillingar. KJELDE: Bergen kommune

Eirik Brekke

Anne og Herman
Anne og Herman
Bilde: BT