Skolehelsetjenesten 2023-2024

Skulehelsetenesta er ein del av Barne- og familietenesta i Bergen kommune. Tenesta er eit lågterskeltilbod, og vi oppmodar barn og foreldre til å ta kontakt ved behov.

Skulehelsetenesta arbeider for å fremje fysisk og psykisk helse og førebyggje sjukdom og skadar.

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning innan helsefremjande og førebyggjande arbeid. Vi er trygge vaksne med mykje erfaring i å snakke med barn, ungdom og deira foreldre.

Vi tilbyr enkeltmøte og gjev råd og rettleiing. Vi har faste helsekonsultasjonar og tilbyr vaksinering i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet. I tillegg underviser vi om ulike helseemne på dei ulike trinna.

Ein kan ta kontakt med helsesjukepleiar om ein ønskjer ein samtale. Døme på aktuelle tema i slike samtalar kan vere trivsel på skulen/heimen, kosthald, aktivitet, søvn, vekst, pubertet, vaksinering, syn, høyrsel, mobbing, sorg, rus, identitet, vonde tankar, stress, angst med meir.

Helsesjukepleiar på skulen er Kristin Ersland. Ho er til stades på skulen  torsdagar. Ho kan kontaktast på telefon 40810048 eller via melding på HelseNorge.

 

 

Meir informasjon om skulehelsetenesta:

https://www.bergen.kommune.no/innbyggerhjelpen/helse-og-omsorg/helsetjenester/helsestasjon/helsestasjon-og-skolehelsetjeneste

Barne- og familiehjelpen

Barne- og familiehjelpen er òg ein del av Barne- og familietenesta i Bergen kommune. Her møter ein familievegleiarar, psykologar og andre trygge vaksne med mykje erfaring i å snakke med barn, ungdom og deira foreldre. Dette er eit lågterskeltilbod der foreldre og ungdom sjølve kan ta direkte kontakt. Barne- og familiehjelpen har ulike tilbod til barn, unge og deira familiar.

Kontaktinformasjonen til barne- og familiehjelpen i Arna og Åsane er: bfh1@bergen.kommune.no eller på telefon 40 80 73 01 mellom kl. 08.00-15.00.

For meir informasjon om barne- og familiehjelpen, sjå lenka under:

https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/barneog-familiehjelpen