Gå tilbake til:
Du er her:

Flott opning av nye Kristianborg barnehage

I førre veke blei nye Kristianborg barnehage på Årstad offisielt opna av byrådsleiar Roger Valhammer og barnehagebyråd Linn Katrin Pilskog.

VIDEO:

Byråd for barnehage, skule og idrett, Linn Katrin Pilskog, til venstre, og byrådsleiar Roger Valhammer midt i bildet. Barn i barnehagen heldt snora som blei klipt.

Den nye permanente barnehagen ligg på same tomt som det mellombelse barnehagebygget låg. I tillegg til bygget er uteareal med atkomst, parkering og leikeareal opparbeidd på tomta. Kjøkkenhage, frukttrær og bærbuskar er òg på plass saman med ei rekkje leikeapparat.

Ein mellombels barnehage ble oppført på Kristianborg i Årstad bydel i perioden 2007-08 som et tiltak for å oppnå full barnehagedekning. I byggeperioden har barnehagen heldt til i mellombels lokale i Storetveit barnehage.

Lover de å ta godt vare på den nye barnehagen dykkar? spurte Pilskog barna og dei tilsette. Svaret var sjølvsagt eit rungande ja!

Ikkje berre har barnehagen fått nytt flott bygg og uteområde. På toppen av det heile fekk dei 10.000 kroner av Linn Katrin Pilskog som dei kan bruke nett som dei vil. 

Eit rom med madrassar på eit grønt golv.
Leikeareal inne.
Bilde: Astri Kamsvåg

Pål Klungreseth som er styrar i barnehagen, fortalte i tala si at han hadde spurt barna om kva dei liker best med barnehagen sin. Her er nokre av svara han fekk:  

  • Vi har leiker, disser og klatrestativ.
  • Det er gøy å hoppe.
  • Vi kan leike og bli venner.

Eitt av barna var opptatt av at det er mange fine fuglar i barnehagen. Andre ting barna trakk fram var puterommet, biblioteket og musikkrommet.

Kristianborg barnehage flytta inn i bygget i januar 2021. Den offisielle opninga fann stad fyrst no på grunn av pandemien. 

Brun bygning med leikeplass foran.
Kristianborg barnehage er malt i brunt med flater i klare grøne fargar. Barnehagen ligg nær turområdet ved Kristianborgvannet. I bakgrunnen ser vi Løvstakken.
Bilde: Pål Klungreseth

Fakta

  • Adresse: Conrad Mohrs veg 17
  • Bruttoareal: 1.000 m2
  • Ferdigstilling: Desember 2020
  • Arkitekt: HR Prosjekt AS
  • Totalentreprenør: Byggefirma Nilsen & Andersen AS

Les meir om Kristianborg barnehage på barnehagefakta.no