Kvinne holder fram diger nøkkel, mens mann står ved siden av klar til å ta imot.
Linn Katrin Pilskog overrekker nøkkelen til det nye oppveksttunet til rektor Jan Erik Reknes.
Bilde: Astri Kamsvåg

Kronstad oppveksttun bygd for framtida

- Eg håper at det nye oppveksttunet kan bidra til at de får den framtida som de ønsker dykk, med god undervising, trygge vaksne og gode vennar, sa byråden for barnehage, skule og idrett på opninga.

- Når eg ser på dykk, ser eg framtida, la Linn Katrin Pilskog, byråd for barnehage, skule og idrett, til.

I talen sin la ho vekt på at barnehagen og skulen skal vere gode stader å vere og å lære og på at gode opplevingar tidleg i livet legg grunnlaget for eit godt liv seinare.

I tillegg til nøkkelen, vekk skulen og barnehagen fekk kvar sin sjekk på 10.000 kroner.

Tre barn held i endane av ei snor, Roger Valhammer dreg i ho.
Johanna Ferguson, Sondre Olav Liseth og Nikolai Tvedt hjelper byrådsleiar Roger Valhammer på opningsseremonien.
Bilde: Astri Kamsvåg

SJÅ VIDEO FRÅ OPNINGA:

Oppveksttunet inneheld mellom anna bibliotek, symjehall og gymsal, og i barnehagen er det eit vannrom som barna kan leike med vann i.

Ein samlingsplass for heile nabolaget

Eit oppveksttun består av ein skule og ein barnehage på same stad, og skal vere eit hjarte i nærmiljøet. 

Linn Katrin Pilskog ser fram til at Kronstad oppveksttun kan bli fylt opp med folk om dagtid, ettermiddagar og helger.

- Oppveksttunet skal vere ein samlingsplass for heile nabolaget, seier rektor Jan Erik Reknes. 

Gjenbruk av bygningsmasse

Oppveksttunet består av barneskule med plass til 300 elevar og barnehage med 80 plassar. Det meste av den gamle bygningsmassen er gjenbrukt. 

Oppveksttunet består av tidlegare Kronstad skole, Hunstad skole og Pinnelien barnehage. Pinnelien barnehage og Hunstad skole blei slått saman med Nattland skole i 2017 og blei til Nattland oppveksttun. 

Barnehagen og skulen tok i bruk lokala i august. I byggeperioden har elevane vore i lokala til tidlegare Fana gymnas på Paradis.

SJÅ VIDEO AV UTEOMRÅDA: 

VIDEO: Marius Mathisen

Fargerik bro som henger over en vei.
Den spektakulære gangbrua er lett synleg frå Jonas Lies vei.
Bilde: Astri Kamsvåg

Oppveksttunet er sett saman av to ulike bygg som ligg på kvar si side av Jonas Lies vei. Bygga er bundne saman av ei fargerik gangbro som svever over vegen mellom bygga. Rektor fortel at brua bygger bru mellom barn og vaksne, mellom nye og gamle elevar, og mellom nye tilsette og dei som har vore på skulen ei stund. 

Les meir og sjå fleire bilde: Kronstad oppveksttun bind saman gammalt og nytt

Les mer om: