Gå tilbake til:
Du er her:

Gi fråsegn til melding om kraft frå land til oljefelta Noa og Krafla

NVE har motteke melding med forslag til utgreiingsprogram frå Aker BP, Equinor og LOTOS Production and Exploration for eitt nytt kraftsamband frå land til dei planlagde oljefelta Noa og Krafla.

Dei melder tre ulike traséalternativ. I det første alternativet melder Aker BP og Equinor ein separat transformatorstasjon ved sida av eksisterande på Kollsnes, og ein om lag 140 km lang sjøkabel ut til NOAKA-feltet. I det andre alternativet er det meldt ein kraftleidning frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny stasjon ved Barmen. Derifrå vil sjøkablane anten gå direkte til NOAKA-området, eller via ein mellomstasjon på Leirpollneset i Fitjar kommune. Det tredje alternativet går frå Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune til ein ny transformatorstasjon på Nordvik på Utsira eller Sjovika på Karmøy. Det er meldt fleire ulike alternativ frå Gismarvik til desse stasjonane. 

Kraftbehovet til plattformene vil være 40 MW i 2026, med ein opptrapping til 140 MW i 2029. 

Aker BP og Equinor grunngjev tiltaket med at ein elektrifisering av produksjonsplattformene vil vesentleg redusere behovet for å drifte anlegga med gass og gi ein monaleg reduksjon i CO2-utsleppa frå plattformene, i tråd med nasjonale målsettingar. 

NVE held offentleg møte torsdag 6. mai klokken 19.00. Møtet vil bli held digitalt og vil også kunne sjåast i ettertid. NVE vil orientere om handsaminga av meldinga og forslag til utgreiingsprogram. Aker BP og Equinor vil vere representert og orientere om planane. Møtet er ope for alle.   

Les meldinga på denne nettsida til NVE

Meldinga kan også lesast i Innbyggerservice i Kaigaten 4.

Opplysningar om sakshandsaminga kan du få ved å kontakte
NVE v/Sondre Moe Knudsen, tlf. 22 95 93 03.

Send fråsegn innan 4.juni

Fråsegn kan sendast via nettskjema på NVE sine nettsider, per e-post til uttalelse@nve.no eller per post til NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn innan 4. juni 2021.