Gå tilbake til:
Du er her:
Gatelykter frå kvar bydel med store steinar er kunstkonseptet som skal stå på rådhusplassen.
VINNAR: Bergen skal få ny rådhusplass og kunstnarane Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik vann oppdraget for den nye rådhusplassen med konseptet "Folkevalgte".
Bilde: LUTZ-RAINER MÜLLER OG STIAN ÅDLANDSVIK

Lykter frå kvar bydel og innvevde innbyggarar blir ny rådhuskunst

Gatelykter frå heile Bergen skal kome på den nye rådhusplassen og innvevde innbyggarar skal halde eit auge med dei som styrer i det ombygde rådhuset.

Konkurransen om dei to kunstoppdraga i rådhusprosjektet er no avslutta. Kunstnarane Stian Ådlandsvik og Lutz-Rainer Müller har vunne oppdraget om rådhusplassen. Toril Johannessen vann oppdraget for å smykke ut 14. og ein del av 1. høgda i det vestre trappetårnet til det høgreiste bygget i naturbetong.

Gatelykter som lyser i mørket.
LYKT I NATTA: Slik tenkjer kunstnarane seg at kunstverket "Folkevalgte" med lykter frå kvar bydel kan bli sjåande ut når sola har tatt kvelden.
Bilde: LUTZ-RAINER MÜLLER OG STIAN ÅDLANDSVIK

Kunstutvalet arbeidde seg gjennom 157 søknadar om å få bidra med kunst på rådhusplassen og trappetårnet som vender mot Kaigaten. Sju søknadar frå til saman åtte kunstnarar gjekk vidare til siste runde hjå juryen.

Gatelykter frå kvar bydel

Konseptet til Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik har namnet «Folkevalgte». Dei vil hente inn åtte gatelamper frå dei åtte bydelane i Bergen og flytte dei inn til rådhusplassen. Kvar lampe skal fungere som representantar for bydelane. Stolpene skal også bere store natursteinar som skal vere om lag to meter over bakken.

Illustrasjon av to skikkelser som sitter under en gatelykt med stor stein
TO METER: Steinane i kunstverket skal monterast to meter over bakkenivå. Det krev gode utrekningar.
Bilde: LUTZ-RAINER MÜLLER OG STIAN ÅDLANDSVIK

Juryen skriv mellom anna i vurderinga at «(…) kunstverket har potensialer til å gi en opplevelse av et litt uvirkelig sted som vekker nysgjerrighet og inviterer til bruk av plassen. Lampene vil kunne gi et samlende grep om plassen samtidig som de åpner opp for aktivitet og refleksjon gjennom absurd humor og uensartethet. Arbeidet bærer demokratiske verdier og knytter sammen bydelene og sentrum. Det har poetiske og formale kvaliteter samtidig som det gjør veksler på konseptuelle tradisjoner i billedkunsten og har paralleller til «gatekunst».»

Ut på lyktejakt

Stian Ådlandsvik har alltid meint at rådhuset er eit fantastisk bygg. Og han synest både det å ta del i konkurransen og ikkje minst vere vald vinnar er ein draumesituasjon. Oppdraget delar han med makkeren Lutz-Rainer Müller. Dei skal no på lyktejakt.

– Vi tar gjerne mot forslag til fine gatelykter i bydelane. Tanken med konseptet er også at bydelane skal få noko tilbake. Vi tenkjer å byte ut lyktene med lamper som det berre finst åtte av, seier Stian Ådlandsvik.

Dei har fått gjort utrekningar for å sikre seg at lyktene vil tole vekta av steinane. Sidan verket skal stå ute på ein offentleg plass er det også tatt omsyn til vêr, vind og fulle russ i reknestykka.

Biletvev med innbyggarar

Ideskisse frå kunstnaren til biletvev i 14. etasje
VEV: Illustrasjonen viser korleis biletveven er tenkt brukt i 14. etasje. Detaljane blir først tydelege på nært hald. Dette er ein idéskisse frå kunstnaren og viser ikkje endeleg motiv.
Bilde: Toril Johannessen

Vinnarkonseptet for trappetårnet er laga av kunstnaren Toril Johannessen og har namnet «Representasjon». Det er samansett av to biletteppe. Motivet skal dannast av eit konglomerat av abstraherte portrett av bergensarar. Dette skal lagast med kunstig intelligens på grunnlag av foto av eit utval av innbyggarane.

På avstand er motivet abstrakt, men detaljane kjem når du ser verket på nært hald. Det eine teppet skal nyttast som funksjonelle gardiner i møterommet i 14. høgda. Det andre er tenkt montert som eit forheng bak eit spesialbygd monter på gateplan.

Juryen skriv i vurderinga si mellom anna at «Arbeidet er rikt på mulige assosiasjoner som f.eks. åpenhet og lukkethet, scenetepper og valgavlukker, teater og politikk. Johannessens forslag er et nytt og særegent prosjekt utviklet spesielt for denne sammenhengen.»

Toril Johannessen
VANN: Torill Johannessen seier ho skvatt då ho såg rådhuset første gongen. No skal kunsten hennar kome i bygget.
Bilde: PRIVAT

Toril Johannessen har studert i Bergen og synest det er fantastisk at kunsten hennar skal få plass i rådhuset.

– Eg skvatt då eg såg bygget første gongen. Det var heilt nydeleg, seier ho.

Representative bergensarar

No står det att å ta til med jobben med å gjennomføre vinnarkonseptet. I det ligg å bruke maskinlæringsteknologi til å lage portrett som representerer bergensarar.

– Eg skal finne ein måte å samle inn den informasjonen som trengst. Det er viktig for meg at om eg skal ta bilete av veldig mange folk, så må det gjerast på ein skikkeleg måte. Tanken er at verket skal ha ein symbolsk representasjon, fortel Toril Johannessen.   

Speler på mange plan

Videomøte mellom tre menneske
VIDEOMØTE: Juryleiar Arne Rygg i videomøte med kunstnar Stian Ådlandsvik og rådgjevar Trine Lise Nedreås i fagavdelinga for kunst og kulturutvikling.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Leiar av kunstutvalet, Arne Rygg, seier at det som er felles for dei valde konsepta er at det er spennande kunstverk laga spesielt for Bergen rådhus.

– Dei er begge leikne og har fleire lag. Samstundes reflekterer dei rådhuset si rolle i byen og tematiserer eit kjernepunkt i demokratiet: Samspelet mellom veljarane dei og dei valde, seier Arne Rygg.

No må kunsten og resten av det som skal gjerast i og utanfor rådhuset «snakke» saman. Prosjektleiar for rådhusprosjektet, Arvid Jacobsen, seier at dei mellom anna må sjå til at grunnen toler vekta av verka.

– Det er stein på fleire tonn som skal opp to meter på ei lampe. Det krev ganske solide fundament. Det er mange tonn som må ned i bakken for å halde dette oppe, fortel Arvid Jacobsen.

Breitt samansett jury

Modell av Bergen rådhus og Manufakturhuset
MODELL AV RÅDHUSET: Kunstutvalet har no funne kunst til trappetårnet fremst i biletet og plassen framfor rådhuset.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Målet for valet av kunst har vore høg kvalitet og at kunsten skal halde seg aktiv til Bergen som stad og rådhuset som institusjon. Det har òg vore viktig å finne fram til kunst som skaper rom, engasjement og samtalar.

Juryen har vore sett saman av Line Daatland (Rådet for Kunst i offentlige rom, Bergen kommune/direktør for samling og utstillinger, KODE), Thomas Joe Evetts (arkitekt, Rambøll), Arvid Jacobsen (prosjektleiar, Etat for utbygging i Bergen kommune), Trine Lise Nedreås (Fagavdeling for kunst og kulturutvikling, Bergen kommune), Britt Nordgreen  brukarrepresentant, Bergen kommune) og Arne Rygg (kunstkonsulent/leiar i kunstutvalet).

Budsjettet for kunstnarisk utsmykking i det totalrehabiliterte rådhuset er til saman på 3,5 millionar kroner.