Gå tilbake til:
Du er her:
En smilende kulturprisvinner kledd i dress holder frem et innrammet diplom. Han sitter på en stol i et forsamlingslokale - i bakgrunnen ser man mange andre mennesker. er en diplom  og en blomsterbukett.
Bilde: Kristina Bøland / Bygdanytt

Inge Olsen fekk Kulturpris for Arna

Kulturprisen i Arna for 2021 vart tildelt Inge Olsen, for hans mangeårige frivillige innsats og store engasjement for kulturlivet i Arna bydel.

Prisen vart delt ut av byråd for kultur, mangfold og likestilling Katrine Nødtvedt, under opninga av Kulturdagar i Arna 2022. 

Prisen består av ei pengegåve på 20 000 kroner, og eit diplom utforma av kunstnaren Johannes Mjeldheim. Kulturpris for Arna blir delt ut ein gong kvart år. Les meir om lokale kulturprisar her.  

Ei eldsjel innan kulturlivet

Prisvinnar Inge Olsen har i ei årrekkje hatt eit stort frivillig engasjement og lagt ned ein betydeleg innsats for kulturlivet i Arna. For Arne Musikforening er han uerstatteleg. Han er ein pådrivar for at musikkforeninga skal vere synleg i bygda, på små og store arrangement. Han er den første som kjem på øving, sørger for at kaffien er klar, og bidrar sterkt til det gode sosiale miljøet i foreininga. 

Olsen har gjort ein stor innsats for å ruste opp forsamlingshuset Samhold der foreninga har sitt øvingslokale, både utvendig og innvendig. Dette til glede for alle brukarar av huset og nærmiljøet.   

Prisvinnaren er ein engasjert brukar av kulturtilbod, og ivrig deltakar på dugnadar. Hans motto er: «Vi må stille opp for kvarandre, dermed kan Ytre Arna blomstre igjen». 

Kulturdagen i Ytre Arna

Olsen hadde ein draum om ein eigen kulturdag i Ytre Arna. Denne vart ein realitet i 2014, og han har sidan då vore primus motor for det årlege arrangementet, der ulike organisasjonar og arrangørar samlast under ein felles paraply. Kulturdagen har sidan oppstarten utvikla seg til å bli ein identitetsbyggar for nærmiljøet, og eit viktig bindeledd mellom gamle dagar og moderne tid. Kulturdagen har også hatt ringverknader i form av andre samarbeidsprosjekt, og bidratt til eit endå større lokalt engasjement i nærmiljøet. 

Vi takkar Inge Olsen for innsatsen og gratulerer med Kulturprisen for Arna!  

En smilende kvinne kledd i en blå bluse står ved siden av to smilende menn i dress. Mannen i midten holder en diplom  og en blomsterbukett.
Byråd Katrine Nødtvedt delte ut årets kulturpris for Arna til Inge Olsen. Her saman med kultursjef i Arna og Åsane John Kristian Øvrebø (til høgre).
Bilde: Aida Rokolj

Teksten i denne saka er ei samanfatting av talen som vart brukt ved overrekking av prisen 29. april.