Gå tilbake til:
Du er her:

Annonseringsdato: 02.04.2022
Merknadsfrist: 18.05.2022
Saksnummer: 201824407
Arealplan-ID: 66140000
Åpne i planregister

Status: Planoppstart
Bydel: Åsane

Åsane, gnr. 199, bnr. 10 m.fl. Hovedformål: Vern av Haukåsvassdraget.

Om planforslaget

Oppstart for dette planarbeidet vart kunngjort i september 2019. Kommunen gjev no ei ny orientering om status for planarbeidet.

Etter den første kunngjeringa er planavgrensinga endra fleire stader.  Ei sannsynleg ytre avgrensing av planområdet går fram av vedlegget.

Hovudføremålet er å styrka naturmiljøet langs Haukåsvassdraget, med særleg vekt på livsvilkåra for elvemusling. Planen skal leggja grunnlaget for ei betre og meir miljøtilpassa arealforvalting langs elva med viktige sidebekkar, til beste for heile artsmangfaldet i og langs elva. Sjølve vassdraget med ei varierande kantsone, saman med større myrområde, vil dei fleste stader bli regulert til naturvernområde. Eksisterande bygningar og aktivitet kan i hovudsak vidareførast som i dag. Nær vassdraget kan planen gje restriksjonar på nye tiltak og setja vilkår for tiltak og anleggsarbeid som kan påverka vassdraget. Det kan også koma restriksjonar knytt til etablert arealbruk som er særleg belastande for vassmiljøet. På Haukås gard skal det leggjast til rette for ein ny våtmarkspark. Her må det gjerast særlege avvegingar mellom ulike omsyn knytt til bruk og vern.  Kommunen ber særleg om innspel til spørsmålet om vidareføring eller avvikling av rettbanen for hest. I Haukås Næringspark vil senterområde F/K1 (gnr 199/124 og 220) få nytt føremål i tråd med resten av næringsparken. Planen vil gje rammer for ei ny kyrkje på gnr 199/10 ved Breisteinvegen/Leikvangvegen.

Ein tiltaksplan for Haukåsvassdraget vart vedteken av byrådet 19. august 2021 i sak 1252/21. Mange av tiltaka i denne planen er relevante for reguleringsplanen, og skal leggjast til grunn for utforminga av reguleringsplanen. 

Ei rekkje gjeldande reguleringsplanar er aktuelle for endring eller oppheving, heilt eller delvis.  Dette vil bli nærare vurdert i planprosessen. Spørsmålet er særleg aktuelt for desse reguleringsplanane: 

  • PlanID 6020000 og 6020001, Travparken
  • PlanID 16740001, 16740002 og 16740003, Haukås Næringspark
  • PlanID 60900000, Haukås Næringspark del 2
  • PlanID 9630000, Eikås Motorsportsenter
  • PlanID 51050000 og 51050001, Sæterstøl, Almås, Haukås, Jonsterhaugen
  • PlanID 4550001 og del av planID 4550000, fengselsanlegg
  • PlanID 50010000, Breistein, Solvang
  • PlanID 50920000 og 50920001, Breistein
  • PlanID 51140000, Hylkje, Tuft, Kvernadalen.

For dei planane som ligg innanfor det nye planområdet vil endring eller oppheving mest sannsynleg innebera at planane går ut og vert erstatta av den nye reguleringsplanen.  Rammene for etablert arealbruk skal vidareførast i størst mogleg grad, men likevel slik at naturmiljøet knytt til elva og vassdragsnaturen vert ivareteke.

Dei planane som ligg utanfor det nye planområdet er aktuelle for oppheving.  Føremålet med dette er å forenkla og oppdatera plansituasjonen i dei aktuelle områda.  Desse planane har ingen reell funksjon, og dei er til dels i strid med dagens arealpolitikk.  Oppheving vil innebera at det aktuelle området vert uregulert, og at arealstatus går fram av kommuneplanen sin arealdel (KPA2018, planID 65270000). 

Vi reknar med at eit framlegg til reguleringsplan kan kunngjerast i haust, og klargjerast for politisk slutthandsaming komande vinter.

Har du synspunkter og innspill?

Grunneiere, naboer og alle interesserte inviteres til å komme med synspunkter og innspill til planoppstarten. Eventuelle innspill sendes via den blå og hvite innspillboksen på denne siden. 

Innspill kan også sendes direkte via e-post til postmottak.planogbygg@bergen.kommune.no

Brevpost: 
Bergen kommune
Plan- og bygningsetaten
Postboks 7700, 
5020 Bergen

Ved all henvendelse ber vi om at du oppgir saksnummer. 

Mottatte innspill besvares ikke direkte, men vil bli referert og kommentert av fagetaten og tatt med i saksbehandlingen videre til politisk behandling. 

Behandlingen i de politiske utvalgene kan følges på kommunens nettsider:

https://www.bergen.kommune.no/politikk/politiskeutvalg

Saksdokumenter:

Innspill

Har du innspill til planoppstarten? Send oss dine innspill ved å klikke på lenken under.

Vær oppmerksom på at innspillet ditt kan bli gjenstand for offentlig innsyn, i tråd med offentlighetsloven og arkivlovgivning

Send innspill