Gå tilbake til:
Du er her:
Pressemelding

Nr. 72/18
Bergen, 22. november 2018

Ønskjer tettare samarbeid om kollektivtrafikken i Bergensområdet

Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har gått i dialog for å vurdere eit tettare samarbeid om kollektivtrafikken i Bergensområdet. Bakgrunnen er eit felles ønske om å sikre betre samordning og styrke tilbodet til dei reisande.

Byrådet har i dag gitt si tilråding om saka til bystyret, der dei ber om at bystyret sluttar seg til ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune. Byrådet ber om fullmakt til å gå i vidare forhandlingar med fylkeskommunen. Fylkesrådmannen vil tilrå overfor fylkestinget i Hordaland at det vert arbeidd vidare med ulike alternativ for å få til eit tettare samarbeid.

Flest kollektivreisar i Bergensområdet

I dag er drifta og forvaltninga av kollektivtrafikken, både i Bergen og resten av Hordaland, ei fylkeskommunal oppgåve. Samstundes er over 80 prosent av dei kollektivreisande busette i Bergensområdet. Både Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune ønskjer eit nærare og meir formalisert samarbeid om kollektivtrafikk og mobilitet i Bergen og kommunane rundt.

- Skal vi ha en berekraftig utvikling utan lange bilkøar og dårleg miljø, må trafikkveksten skje gjennom kollektive løysingar, sykling og gonge. Det kan vere eit alternativ for Bergen kommune å søkje om å ta over ansvaret for kollektivtilbodet i eigen by. Samstundes inneber det to til dels overlappande kollektivselskap i same fylke. Difor meiner vi at vi først bør prøve å få til eit formalisert samarbeid eller felles eigarskap med fylkeskommunen, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

Modell som liknar Ruter

Ei av løysingane som vert vurdert i utgreiinga er ikkje heilt ulik modellen i Oslo, der Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har gått saman om Ruter AS. Dette er eit felles administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Eit anna alternativ kan vere å etablere eit meir omfattande avtaleverk som sikrar samordninga.

Fylkesutvalet i Hordaland har bede fylkesrådmannen om å leggje fram sak om alternative organisasjonsformer som inneber eit tettare samarbeid med Bergen kommune om kollektivtrafikken i byområdet.

Målet er å sikre eit transportsystem som er miljøvennleg, effektivt og trygt og som skal fremje god mobilitet for innbyggjarar og næringsliv.

- For å sikre vidare utvikling av kollektivløysingar i Bergensområdet ønskjer vi eit tettare samarbeid med Bergen kommune. Vi meiner dette er viktig for å nå måla vi har sett saman med Bergen kommune om nullvekst i personbiltrafikken. Tettare samarbeid med Bergen vil medverke til at det blir enklare å nå desse måla samstundes med at tilbodet til dei reisande blir betre. For fylkeskommunen er det viktig å sikre eit godt samspel også med dei andre kommunane i fylket, slik at kollektivtilbodet samla sett vert styrka, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør samferdsel.

Prosessen vidare

Dersom bystyret og fylkestinget vedtek å arbeide vidare for eit tettare samarbeid, og forhandlingane resulterer i ein avtale mellom partane, kan eit nytt formalisert samarbeid vere på plass frå 1. januar 2020.

Sjå dokumenta

Byrådsleiar Harald Schjelderup v/ politisk rådgivar Linn Kristin Engø, tlf. 450 610 26

Fylkesdirektør samferdsel Håkon Rasmussen, tlf. 482 98 090