Gå tilbake til:
Du er her:

Garasjen som huser generasjonar av gatekunstnarar

I ein gamal brannstasjon i Ytre Arna starta karrieren til gatekunstnaren TEG. No er staden ein populær møteplass for barn og ungdom.

DU KAN SØKE TILSKOT

Bergen kommune gir støtte til det lokale, frivillige kultur- og organisasjonslivet.

No kan du søke om støtte til blant anna:

  • Kor, korps og orkester (frist 20.mars)
  • Aktivitetstilskot til kultur- og fritidsorganisasjonar for barn og unge ( frist 20. mars)
  • Lokal kulturaktivitet innan amatørkulturfeltet (søk minimum 4 veker før arrangement)
  • Til profesjonelle innan gatekunst og graffiti, prosjekt, drift og lokale (Frist 1. februar og 1. september)

Se meir: bergen.kommune.no/tilskudd

- På nokre timar kan det vere opptil 40 stykk innom her. Gjennomsnittet ligg vel på rundt 20, seier Marie Charlotte Quist Paulsen.

Saman med Lars-Erik Rolland driv ho YAS-garasjen i ein del av kulturhuset Sentrum i Ytre Arna. Kvar torsdag opnar dei porten, først for dei mellom 9 og 13 år, og så for dei opp til 25.

– Her driv vi med graffiti og andre kreative former, som teikning og buttonslaging. Når garasjen er open, kan ungane kome og gå som dei vil. Vi har óg dansematte og høgtalar for dei som berre vil spele musikk, fortel Paulsen.

Gratis og inkluderande

Denne ettermiddagen kryr det av unge. Nokon sprayar på lerret, andre er ute og skater på rampa utanfor. Marie viser dei som spør korleis ein best fører sprayboksen. Dei yngste brukar ufarleg vassmaling. Ungdomane kan nytte ekte maling om dei vil, men då må alle i rommet ha på seg gassmaske.

Marie har drive med gatekunst i mange år, og vore instruktør sidan ho gjekk i 10. klasse. Ho blei hanka inn av prosjektleiaren for "I LOVE YA", eit prosjekt som mellom anna skulle utvikle opne møteplassar for ungdom i bygda.

– Eg var jo veldig ung då eg vart spurt, men blei vist tillit, seier Paulsen.

Sidan den gong har ho jobba fast for å sikre deltakarane eit godt tilbod.

Graffitiverkstaden er gratis og får støtte gjennom frintidsklubben som ligg i ein annan del av bygget. At tilbodet ikkje kostar noko, trur Paulsen har mykje å seie.

– Tidlegare kosta det pengar å vere med. Det gjorde at mange blei ståande på utsida. I Ytre Arna bur det folk frå mange forskjellige land. Her kan dei kome sjølv om dei ikkje snakkar norsk. Vi kommuniserer med sprayboksen, smiler leiaren.

Ho har laga ein brosjyre for tilbodet på heile sju språk. Lokale ungdomar har omsett den, mellom anna til arabisk, slik at deltakarane kan ta den med seg heim til foreldra. No planlegg dei både kunstutstilling og konsertar i samband med kulturdagane i Ytre Arna 28. april. Paulsen har mange idear framover. Jobben på YAS-garasjen har gitt meirsmak. Når ho snart er ferdig på toppidrettslinja, ynskjer ho å jobbe meir med barn og ungdom i Ytre Arna.

Takkar Ytre Arna

– Eg er oppvaksen her og elskar plassen. Eg vil at det skal skje bra ting her. Då eg var lita var det ikkje kult å kome herifrå. Nå har det snudd. Ytre Arna har blitt ein trygg plass. Det skuldast at det skjer mykje meir i sentrum.

– Prosjektet "I LOVE YA" har hatt alt å seie. Folk kjem heilt frå Fana og Garnes for å drive med graffiti her, seier Paulsen.

Sjølv lærte ho seg graffiti av TEG. Han er i dag ein akta kunstnar innan gatekunst. 28-åringen reiser verda rundt med sprayboksane sine. I fjor sommar lagde han eit stort verk på eit tak i Chinatown i New York. Spania, Cuba, Russland og Guatemala er alle land der han har jobba. No bur han i Oslo og lever av kunsten sin. Han takkar fritidsklubben i Ytre Arna for at det er mogeleg. Det var der karrieren starta for karen frå Nesttun.

– Vi var ein gjeng som dreiv mykje med tagging og graffiti. Leiaren av fritidsklubben fanga oss opp. Klubben kom oss i møte med dei tinga vi interesserte oss for. Vi blei sett og fekk jobbe kreativt utan å bli uglesett. Det var veldig bra for ein litt tøff gutegjeng, seier TEG.

Han fortel at Arna vart eit samlingspunkt for gatekunstnarar frå heile byen. Etter kvart fekk dei plass i det som i dag heiter YAS-garasjen.

– Vi fekk halde ope ein dag i veka, og inviterte folk i miljøet ut. Mellom anna laga den kjente kunstnaren AFK eit av sine første verk her. Det var ein veldig bra plass, seier TEG.

At garasjen ligg på gateplan, trur han har vore ein viktig faktor.

– Folk stakk innom og slo av ein prat med oss. Det var med på å ufarleggjere graffiti, seier TEG, som etter kort tid fekk halde kurs for andre unge i bygda. Han fortel at han brukte hundrevis av timar i garasjen, og seier tida der er grunnmuren i karrieren.

– Utan eit slikt lokale og ei slik backing frå leiarane, hadde eg ikkje kunne utvikla min eigen stil like lovleg, seriøst og raskt. Eg føler mykje for å gje tilbake til kommunen og lokalmiljøet. Eg er veldig glad i fritidsklubben og desse arenaene som ikkje er like målbare som til dømes fotball. Eg og andre i mitt miljø er òg resultat av mange tilskotsordningar, påpeikar kunstnaren.

I LOVE YA

YAS-garasjen blei utvikla og utvida gjennom prosjektet "I LOVE YA", eit samarbeidsprosjekt med Arna og Åsane kulturkontor og områdesatsinga i Ytre Arna. Prosjektet blei finansiert gjennom storbymidler frå Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet. Hovudmålet var å skape inkluderande fritidsarenaer. Det treårige prosjektet er no avslutta, men YAS-garasjen blir vidareført gjennom områdesatsinga.

Områdesatsinga starta i 2012 og er eit prosjekt som skal styrke den fysiske og sosiale standarden til geografisk avgrensa område. Bergen kommune har òg gjennomført områdesatsing i Indre Laksevåg og Årstad bydel. No står Loddefjord og Olsvik for tur.

Ynskjer at fleire i bydelane deltek

Bergen kommune har nyleg endra organisasjonsform på kulturfeltet for å fremje økt fagleg utvikling og auka deltaking.

– Særleg ynskjer vi å rette merksemda mot dei som ikkje tidlegare har vore aktive innan kultur og fritid, seier Emil Matthiesen, direktør for "Enhet for kulturformidling og deltakelse".

Eininga jobbar med å rulle ut fleire aktuelle prosjekt i bydelane. Eitt av dei er "kreative nabolag", inspirert av det engelske "Fun Palaces", der lokal kultur vert feira i starten av oktober kvart år.

– Konseptet går ut på å finne eldsjeler i nabolaget som kan tenkje seg å dele noko saman med andre. Det kan vere å spele trompet, teikne eller vise fram trykk. Kommunen er med for å gjennomføre dette.

I første omgang ynskjer dei å teste ut konseptet i Ytrebygda, Fyllingsdalen og Laksevåg.

Eit anna tiltak er den nye tilskotsordninga "Åpne dører". Ordninga skal gå til gratis kulturarrangement med låg terskel i regi av kunst- og kulturinstitusjonar i byen (frist 1. februar).

Denne artikkelen stod på trykk i Bergenseren 1 - 2018.