Gå tilbake til:
Du er her:

Testar om musikk kan tone ned medisinbruken

Ein ny evalueringsstudie skal undersøke om musikk kan ha innverknad på behovet for medisin hos bebuarar på sjukeheimar i Bergen.

Det er midt på dagen på Øvsttunheimen sykehjem. På eit møterom sit helsepersonell og koplar seg opp på splitter nye nettbrett og høgtalarar for første gong. Denne dagen går startskotet for den praktiske delen av evalueringsstudien "Musikken for meg" som skal undersøke om musikk kan redusere behovet for medikament.

I to månader skal musikken vere ein del av pleia dei gjev til nokre av bebuarane på heimen i Solåsen.

Favorittsangen til Bjarne

I spisestua sit Bjarne Sørheim. Den tidlegare møbelsnikkaren har markert seg som ein bebuar som er glad i både dans og musikk. No skal han delta i studien.

– Eg er glad i musikk. Eg song i mannskor i mange år, fortel Bjarne.

Og han er ikkje vond å be når musikkterapeut Kathrine Dahle sit seg ned med gitaren. "Ola var fra Sandefjord – han var lettmatros om bord", stemmer Bjarne i. Sjukepleiar Kati Mäkinen held takta med rytmeegg, og dei livlege tonene frå spisestova trekker til seg tilskodarar frå korridoren.

Nokre låtar seinare er Bjarne blitt varm i trøya. Med andakt og stødig tenor syng han med når Kathrine spelar favorittsongen hans: "Å, eg veit meg eit land".

Bjarne smiler godsleg etter at applausen har stilna.

– Det er ein veldig fin song, seier han tilfreds.

Musikk sett i system

På Øvsttunheimen har dei brukt musikk aktivt i alle år, fortel avdelingsleiar Unni Manger Møgster. Til høve som 17. mai og jul trykker dei opp songhefter som nyttast flittig, og det er jamleg tilskipingar der musikk er ein like naturleg del av kvardagskosen som kaffikoppen.

Dessutan vert musikk brukt i til dømes stellerutinar. For nokre bebuarar er kroppsvask og song to sider av samme sak.

Men med studien "Musikken for meg", er det første gong at det å bruke musikk i pleia blir sett i system på Øvsttunheimen.

Overlege og musikar Audun Myskja har doktorgrad innen bruk av musikkterapi i behandling av personar med demens. Kurset "Musikkbasert miljøbehandling" byger på doktorgraden til Myskja, og vert tilbydt i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.

Forsking syner at musikk gitt under visse premiss kan vere i staden for nokre typar medisin, til dømes psykofarmakum (legemiddel til bruk mot psykiske lidingar). Og nett det er poenget med denne behandlinga: Færre medikament og høgare livskvalitet er målet. Dei med best nytte av slike systematiske musikktiltak er pasientar med til dømes utfordrande åtferd, angst, depresjon, isolasjon eller smerter.

Krafta i musikken

No blir musikk som miljøterapi systematisk testa ut på totalt 15 bebuarar i tre sjukeheimar i Bergen kommune: Øvsttunheimen, Fyllingsdalen og Ladegården.

– Etat for sykehjem er oppteken av å gje tilsette på sjukeheimar verktøy for å gje personretta omsorg. På sjukeheimane i Bergen har om lag 80 prosent av bebuarane demens. Vi veit at musikk er viktig for mange. Musikk har kraft til å få fram kjensler og minner. Vi håpar at "Musikken for meg" kan seie oss noko om det å lytte til musikk dei likar kan gjere ein skilnad i kvardagen deira. Det handlar ikkje berre om høve til å redusere medisinbruken, men òg å få auka livskvalitet. Det blir spennande å sjå, seier kvalitetsrådgjevar Anne Karine Aspholt Monsen i Etat for sykehjem.

Viss studien syner gode resultat, kan den bli testa ut fleire stader.

Ulike spelelister til ulike behov

Til alle bebuarane som deltek i studien, blir det laga tre ulike spelelister. Éi speleliste skal vere god å vakne til om morgonen, ei liste skal gje energi og stimulans, og ei liste skal egne seg til å dempe uro og gje avspenning. Akkurat kva spelelistene inneheld, er opp til musikksmaken til den enkelte bebuar.

To eller tre gonger for dagen, i maksimum 30 minutt kvar dag, skal dei få lytte til musikk.

- Det er viktig å hugse på at musikken skal vere dosert. Den er eit behandlingstiltak, ikkje eit tidtrøyte, seier musikkterapeut Dahle til sjukeheimspersonalet som skal utføre studien i praksis.

Pleiarane skal føre døgnskjema der dei noterer ned åtferd, og dei tar opp små videosnuttar for å vise positiv effekt av det individuelle musikktiltaket. Til sist, men ikkje minst, skal dei samanlikne medikamentlista før og etter at bebuaren har fått dosert musikk ut frå eigen musikksmak.

Frå salmevers til Rolling Stones

Så kva slags musikk likar dagens sjukeheimsbebuarar å høyre på? Alt mogeleg, ifølge Unni Manger Møgster.

– Musikk dei har høyrt på langt tilbake i tid sit der fortsatt. Her går det i alt frå salmevers til Rolling Stones. Og så har vi ein bebuar som er hekta på Leonard Cohen, seier avdelingsleiaren og smiler.

Saka sto på trykk i Bergenseren nr 2 2018