Gå tilbake til:
Du er her:

Reduserer bruk av antipsykotika

Kommunen har fleire satsingar som skal bidra til at dei som bur på sjukeheimane ikkje får unødige medisinar.

Ei eiga avdeling for sjukeheimmedisin er oppretta. Avdelinga har laga ein standard for korleis legemiddel skal handterast ved sjukeheimar. Mange andre kommunar brukar standarden til Bergen for å sikre god kvalitet i medisinbruken på sjukeheimane.

– Innbyggjarane i byen skal vere trygge på at vi er opptekne av kva som er best for pasienten når vi gir medisinar på sjukeheim, seier overlege og leiar for Avdeling for sjukeheimmedisin, Kjell Krüger

Behov for mange medisinar

Alle alders- og sjukeheimar i Bergen har legar knytte til institusjonen.

– Sjukeheimlegar har ein systematisk gjennomgang av medisinane til alle langtidsbebuarar minst to gonger i året. Gjennomgangen skal blant anna fange opp om pasientane går på medisinar som kan kuttast ut, seier Krüger.

– Er det mykje unødig medisinbruk på sjukeheimane?

– Nei, men arbeidet med legemiddel på sjukeheimane er krevande fordi pasientane ofte har mange alvorlege diagnosar og dermed kan ha behov for fleire medisinar, fortel Krüger.

Sårbare for biverknadar

Krüger ser likevel område der medisinbruken kan reduserast.

– Den siste tida har det vore mykje merksemd om bruken av antipsykotiske legemiddel. Her er det naudsynt å sjå nærare på praksisen vi har. Forsking viser at effekten av slike legemiddel hos pasientar med demens er dårleg dokumentert, og vi veit at eldre er meir sårbare for biverknadar. Vi må heile tida vurdere om legemidla vert brukte på pasientar, der nytten av medisinane ikkje er i høve til biverknadane pasienten får.

– Bør alle som bur på sjukeheim slutte med slike medisinar?

– Det er liten tvil om at mange kan ha nytte av antipsykotiske legemiddel. Når personalet på sjukeheimen ser tydelege teikn på at pasientar med demens er urolege, mogleg psykotiske, vil det i mange tilfelle vere riktig å handsame dei med medisinar. Pasientar og pårørande må gjerne stille spørsmål til legen om det er naudsynt å halde fram med legemidla, eller om dei kan trappast ned. Men det er viktig at ingen stoppar på eiga hand fordi media omtaler dei som sterke og farlege legemiddel, seier Krüger.

Nye satsingar i år

Byrådet har i år satsa på å få inn nye yrkesgrupper på sjukeheimane som kan bidra til riktigare medisinbruk. Ein farmasøyt bistår sjukeheimane med å byggje gode system for å handtere legemiddel. Psykologar jobbar no med å profesjonalisere korleis sjukeheimane tek imot og følgjer opp personar med psykiske lidingar. Dei har òg ei viktig rolle med å bidra til at miljøtiltak vert vurderte som alternativ til medikamentelle tiltak.

Saka sto på trykk i Bergenseren nr 2 2018