Gå tilbake til:
Du er her:

På synfaring for demokratiet

Dei folkevalde i bystyret tek viktige avgjerder for byen vår. Då kan det vere på sin plass med ein rundtur i bydelsrøynda.

Det er tidleg haustmorgon i eit grått og vått Bergen. Utanfor den gamle hovudbrannstasjonen står to turbussar og ventar. Ein etter ein stig bystyrepolitikarane om bord. Nokre tilsette frå administrasjonen i kommunen er også med. Saman skal dei ta Fana og Ytrebygda i nærare augesyn.

Alle medlemmer i bystyret må gjennom ei obligatorisk opplæring som folkevald. Bystyrets kontor har ansvar for opplæringa. I 2016 starta dei opp med noko nytt; synfaringar i bydelane. I 2016 var det Årstad, Laksevåg og Fyllingsdalen som fekk storfint besøk. I 2017 stod Åsane og Arna for tur. I dag skal ferda gå til bydelane i sør, Fana og Ytrebygda.

– Tanken med synfaringa er at politikarane skal bli enda betre orienterte om ting som skjer. Bystyrets kontor har utarbeida programmet i nært samarbeid med dei ulike byrådsavdelingane. På førehand har dei fått i oppgåve å spele inn viktige tema. Det kan vere planar som skal realiserast, planar som allereie er realiserte eller andre viktige saker, fortel Birgitte Teglgaard ved Bystyrets kontor. Det er politikarane som vedtek både det overordna programmet for dei folkevalde, og folkevaldopplæringa undervegs i valperioden.

Bussane er på veg ut av sentrum. Finn Wetteland frå Byrådsavdeling for byutvikling er guide på den eine. Han fortel om eit tettpakka program for dagen. Under bussturen vil fagpersonar frå kommunen orientere om ulike tema, og det vert fleire stopp undervegs.

Framme ved Fana Roklubb kjem Rune Titlestad inn på bussen. Han er idrettsdirektør i Bergen kommune og snakkar om det nye ro- og padleanlegget i Nordåsvannet. Det er trong for meir plass til å lagre båtar i samband med meisterskap. Han ser føre seg at dette kan løysast med overskotsmasser frå vegarbeid. Ole Roger Lindås frå Plan- og bygningsetaten fortel meir om utfylling av Nordåsvannet.

– Rundt 100.000 innbyggjarar i Bergen bur i gå-avstand til Nordåsvannet. Dette er eit attraktivt område, men strandsona er utilgjengeleg rundt delar av vatnet. Ved å nytte overskotsmassar til å fylle ut, kan vi få etablert nye tur- og gang-vegar, seier han.

Ferda går vidare mot Paradis. Oppover Statsminister Michelsens vei får politikarane sjå døme på fortetting over tid. Villastrøket på beste kant i Fana har fått fleire små bustadblokker. For Paradis sin del ventar eit skikkeleg hamskifte. 14 planprosessar er i gong for å transformere rundt 60-70 einebustader til tett by. Bygginga skal gå føre seg i tre, fire etappar, med ein tidshorisont på 15- 20 år. På Nattland oppveksttun har politikarane eit lengre stopp. I skulen sin gymnastikksal er det innlegg om skule, SFO og kommunen si satsing på frivillig arbeid. Dei får sjå på velferdsteknologi og høyre om kommunen sitt nye tilbod innan psykisk helse, Barne- og familiehjelpen, som starta opp i november.

Langs motorvegen mot Lagunen er det tung anleggsverksemd. Nye E39 mellom Os og Rådalen blir ein effektiv trafikkmaskin, men utbygginga set sitt preg på omgivnadene. Mykje grøntareal er borte og erstatta av store, gapande hòl som skal leie trafikken gjennom fleire nyetunnelar.

Sjølve Lagunen er også prega av bygge- og anleggsverksemd. Kjøpesenteret er for tida under utviding. I framtida skal Lagunen-området få struktur som by, med kino, gater og allmenningar. Fortetting er stikkordet, og Bybanen er bokstaveleg talt lokomotivet i det heile.

Bussane kjem fram til Siljuslåtten. Den nye sjukeheimen i Ytrebygda er blitt eit praktbygg. Politikarane får høyre om topp moderne digital infrastruktur og miljøvenlege byggløysingar. Utandørs blir det gangvegar og sansehage. Snart flyttar 90 pasientar inn.

I Ytrebygda ligg fleire store bedrifter. Mange har arbeidsplassen sin på Kokstad og Sandsli. No skal blir det store endringar også her – eller transformasjon som det heiter på byutviklingsspråket. Det skal kome fleire bustader, infrastruktur som sykkel- og gangvegar skal bli betre.

På Bergen Lufthavn Flesland får politikarane status om flyplassen. For nærområda rundt er planane store. I fjor haust vedtok bystyret kommunedelplan for Blomsterdalen, Liland, Ådland og Espeland. Planen legg til rette for utvikling av lokalsenter, bustader, næring og idrett. Her kan det komme opp til 2900 nye bueiningar og meir enn 3000 nye arbeidsplassar.

Bussane stoppar på parkeringsplassen utanfor Bjarghallen, like ved BIR sitt anlegg i Rådalen. To tilsette i Vann- og avløpsetaten, Hogne Hjelle og Tom Sandal, er på plass. Dei fortel om utfordringar rundt avfallsdeponiet når det gjelder overvatn og om handsaminga av slam.

Så er det brannsjef Leif Linde sin tur. Under bussferda tilbake mot Lagunen fortel han om den nye brannstasjonen i Fana. Han peiker ut tomta, som ligg i Rådalen på ei lita høgde tett ved hovudvegen. Stasjonen skal stå ferdig i 2021–22.

Bussane køyrer nordover igjen. Siste stopp for dagen er Fana kulturhus. Her får politikarane påfyll av mat og drikke, før dei får høyre dei siste innlegga. Her er det i hovudsak tema med sosialt tilsnitt: NAV, Mottaks- og oppfølgingssenter for rusavhengige og satsinga på kommunale bustader. Sidan folket i Fana jamt over har gode levekår, må bydelen ta imot fleire kommunale bustader. Mellom anna skal det byggast 18 nye kommunale bustader på ei tomt like ved rundkøyringa ved Lagunen.

For politikarane har det vore ein travel dag fylt til randen av informasjon og inntrykk. Det er ikkje småtteri dei har fått med seg på ferda gjennom Fana og Ytrebygda. Ordførar Marte Mjøs Persen er godt nøgd med dagen:
– Det har vore intenst og intensivt, men veldig interessant. Vi har fått sett mykje og har fått eit godt overblikk på kort tid.

Denne saka stod på trykk i Bergenseren 4- 2018.