Gå tilbake til:
Du er her:

Rustar opp Bergens travlaste kollektivgate

Frå 23. april blir det store endringar for dei mange som dagleg reiser til eller frå Olav Kyrres gate. I mai 2020 opnar ei ny og betre gate for alle som ferdast her.

Miljøløftet er namnet på byvekstavtalen i Bergen og den nye bompengepakka. Det er er eit samarbeid mellom staten, fylket og kommunen. De neste 20 åra skal det byggast bybane, tryggare og betre veier, sykkelvegar, fortau og miljøgater for nesten 30 milliardar kroner.

Miljøløftet startar fleire store prosjekt i 2019:

  • Rv. 580 Sandslikrysset.Krysset skal oppgraderast til to plan.
  • Trolleybusslinje til Laksevåg. Dagens trolleybusslinje skal utvidast frå Birkelundstoppen og Strandkaiterminalen, til
  • Lyngbø på Laksevåg.
  • Nytt kollektivfelt Haukeland sør. Ein del heilt i starten av Nattlandsveien og over krysset Haukeland blir kollektivfelt.
  • Påkøyringsrampe for kollektiv E39 ved NHH og Gamle Bergen.
  • Ny gang- og sykkelveg mellom Sandvikstorget og Glas Knag-bygget.
  • Ny kollektivsnuplass Øvre Kråkenes.
  • Ny gang- og sykkelveg og -bru på Paradis.

Miljløftet.no

Olav Kyrres gate er kanskje byens viktigaste kollektivknutepunkt. Det går over 1200 bussar i døgnet gjennom gata, i rushtida over hundre i timen. Kvar dag er det registrert over 22.000 bussreiser i gata.

– Det er naudsynt å ruste opp Olav Kyrres gate for å møte krava om universell utforming. Vi ynskjer at gata skal bli meir attraktiv, trafikksikker og funksjonell for kollektivtrafikken samstundes som den tek i vare sentrumsfunksjonar, seier Rolf Knudsen.

Staseleg gate

Han er leiar av sentrumsgruppa i Miljøløftet, eit samarbeid mellom staten, fylket og kommunen. Sentrumsgruppa har koordineringsansvar for å planlegge og samordne trafikale tiltak i sentrum. Her arbeider fagpersonell frå Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune, Skyss, Plan- og bygningsetaten og Bymiljøetaten i Bergen kommune saman om planoppgåvene.

Opprustinga av Olav Kyrres gate er finansiert gjennom Miljøløftet. Gata er ei av dei mest sentrale bygatene i Bergen,etablert allereie på slutten av 1800-talet. Ho fekk sin noverande funksjon som bussgate i 1989. Då gjaldt det å få flest mogleg bussar og busstopp inn i gata.

– Olav Kyrres gate er ei paradegate. Vi ynskjer at det staselege ved ho skal kome betre fram. Det skal speglast i kvalitetar og materialbruk, seier Knudsen.

Dette skal gjerast

Den travle gata er i dag prega av setningskadar. Det er òg trongt og uoversiktleg, både for bussane og dei gåande. Gjennom opprustinga skal ein del av køyrefelta gjerast om til fortau og venteareal for bussreisande. Kantstein vil bli heva slik at du kan gå rett inn på bussen utan trinn, og det vil bli leielinjer for synshemma. Det blir nytt rullevennleg dekke på 1,5 meter i heile gatas lengde i sida mot Byparken. Det blir breiare fortau fleire plassar, og det skal leggast nye varmekablar i deler av fortaua.

Brusteinen skal bli verande, men skal gjerast meir robust. Mest mogleg av steinen skal nyttast om att.

– Utforminga vi har i dag kom på byrjinga av 1990-tallet, med høg materialstandard med mellom anna fortausutsmykking i mosaikk. Gata fekk steinprisen for 1997, og kunstverka i gata skal reetablerast etter teikningane til kunstnaren, seier Knudsen.

Tre og lys vert tekne vare på og tilpassa nye haldeplassar. Lysa skal skiftast ut til LED og lysmaster skal pussast opp. Gata får også nye leskur som er designa og tilpassa den nye gata. Det skal komme nye nedkast for BossNett på ein del av haldeplassane.

Kor skal eg ta bussen?

Stenginga av Olav Kyrres gate gjer at Skyss må flytte om lag 35 busslinjer til andre og mellombelse haldeplassar fleire stader i sentrum. Flyttinga påverkar òg andre haldeplassar i sentrum, og nokre av busslinjene får ny plassering på Bergen busstasjon for å få plass til fleire bussar.

– Olav Kyrres gate er knutepunktet for nesten heile kollektivsystemet i Bergen, så stenginga vil gje endringar for mangeav våre reisande. Likevel trur vi at byggeperioden skal bli til å leve med for alle, og tilhøva vil bli betre enn i dag når opprustinga er ferdig, seier Einbu, konstituert leiar for avdeling trafikktilbod i Skyss.

Dersom du til vanleg ikkje bruker haldeplassane i Olav Kyrres gate, eller byter her, er det ikkje sikkert at du vil merke så mykje til dette.

– Vi har samarbeidd tett med Statens vegvesen for å planleggje kvar bussane skal køyre og stoppe når vi ikkje kan bruke denne gata. Det er funne løysingar, men det vil utan tvil bli merkbart for dei reisande, seier Einbu.

Skyss planlegg omfattande informasjonstiltak, slik at folk skal finne bussen sin óg i omleggingsperioden. Sidan det er svært mange detaljar å kommunisere når ei så stor mengd bussar får ny trasé, er dei avhengige av at folk sjølv søkjer informasjon.

– På same vis som under sykkel-VM har vi lagt ut detaljar om kvar busslinje på skyss.no, og vi oppmodar deg som reiser med buss om å sjekke kva som skjer med busslinjene du pleier å bruke, og kva haldeplassar du kan bruke, seier Einbu.

Kor kan eg gå?

Stenginga vil òg påverke dei som går i og rundt Olav Kyrres gate. For å gjere det betre og trygt for gåande, skal anleggsområda sikrast forsvarleg med gjerde. Dei delane av gata kor det ikkje blir arbeidd, skal haldast reine og opne for gangtrafikk. Det skal vere gangveg fram til alle dørene i Olav Kyrres gate. Rømmingsvegar frå bygningar skal haldast opne, og arbeidet i gata skal ikkje vere til hinder for brann og beredskap.

Gangfelta ved Bybanen og Starvhusgaten og ved Festplassen og Nedre Ole Bulls plass skal haldast opne i nesten hele anleggsperioden. Når gata opnar i ny prakt i mai 2020, er areal omprioritert frå køyrefelt til fortau og passasjerareal. Det vil gje eit meir opent og triveleg byrom.

– Gåbyen er eit grunnleggande prinsipp som er ekstra viktig i hjartet av sentrum. I Olav Kyrres gate følgjer vi dette opp ved å etablere breiare fortau og generelt betre tilhøva for dei gåande i gata, seier Rolf Knudsen.

Denne saka sto på trykk i Bergenseren nr 1 2019.