Gå tilbake til:
Du er her:

Feirar 40 år som verdsarv

Bryggen er hjartet til byen og har vore ein smeltedigel sidan Bergen blei grunnlagt nettopp her i sjøkanten. No skal verdsarven og byjubileet feirast med å få Bryggen endå meir fram i ljoset.

  • På UNESCO si verdsarvliste står mellom anna pyramidane i Egypt, Den kinesiske mur, Operahuset i Sydney, Tower of London og Akropolis.
  • Lista inneheld 1092 kulturstader og naturområder som er av så stor verdi at tapet av dei er uerstatteleg. UNESCO tilbyr mellom anna naudhjelp til verdsarvstader i fare.
  • Noreg har åtte stader på lista, Bryggen (1979), Urnes stavkyrkje (1979), Røros bergstad og Circumferensen (1980/2010), bergkunsten i Alta (1985), Vegaøyan (2004), Struves meridianbue– fire norske punkter (2005), Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjorden og Nerøyfjorden (2005) og Rjukan-Notodden Industriarv (2015)

Se mer på www.norgesverdensarv.no

– I heile år skal vi markere jubileet. Høgdepunktet blir 26. oktober som er sjølve dagen for innskrivinga på lista. Den dagen blir det ope seminar og dei offisielle verdsarvplakettane frå UNESCO skal avdukast, fortel Hege Bakke-Alisøy.

Sidan 2016 har ho hatt jobben som verdsarvkoordinator for Bryggen.

– I Bergen er vi godt kjende med at Bryggen er verdsarv, men det er litt mindre kunnskap om kva verdsarv er og kva ein verdsarvstatus faktisk inneber. Jubileumsåret gir oss høve til å sjå på ulike måtar vi kan formidle verdsarv og ideen bak, seier Bakke-Alisøy.

Eit fredsprosjekt

Bryggen og Urnes stavkyrkje er dei eldste verdsarvstadane i Noreg og mellom dei tidlegaste i verda. I dag reknar ein Bryggen som eit område med 61 freda bygningar, og der var innafor detta området byen i 1070 blei grunnlagt av Olav Kyrre. Bryggen var ein møtestad for utveksling av varer og byen vaks raskt. Frå midten av 1800-talet kom utlendingane i stadig større tal, særleg tyskarar. Frå om lag 1350 til 1754 var Bryggen, eller Tyskebryggen, som den blei kalla, sete for Det tyske kontor i Noreg.

– Bryggen er den einaste fysiske resten av eit hanseatisk kontor i verda. London, Brügge og Novgorod hadde òg hanseatisk kontor, men der er det ingenting igjen. Bryggen er eit levande minne om den felles historia vår, seier ho.

Statusen pliktar oss til å ta vare på verdsarvstadane og formidle kva verdi dei har til komande generasjonar. Verdsarvlista er òg eit fredsprosjekt. Tanken er at det kan gje mindre krig dersom vi kjenner til den felles historia vår. Statusen speglast også i arbeidet og løyvingane som er gjevne for å ta vare på Bryggen.

Mellom anna er det gjort eit stort arbeid med å ta vare på grunnen. Fleire av bygga har blitt restaurerte. Bergen kommune har nyleg starta restaureringa av Finnegården, til ein pris på om lag 340 millionar kroner.

– Vi har eit ekstra ansvar for å ta vare på Bryggen på den beste måten vi kan, seier verdsarvkoordinatoren.

Smeltedigel

Ein anna grunn for at Bryggen er freda og verdsarvstad er at dei lange trehusa følgjer den same byggetradisjonen som var etablert allereie på 1100-talet. Etter kvar brann, blei dei bygd opp i same tradisjon som før, og innafor dei same rammene.

Sjølv om bygga som står der i dag er frå 1700-talet, syner tradisjonen attende til då Bergen blei grunnlagt.

– Eigedomsgrensene har heile tida vore dei same, men Bryggen har blitt utvida mot sjøen. Framleis er det meste av Bryggen i privat eige, seier Bakke-Alisøy.

Verdsarvkoordinatoren blir stadig fasinert over historia til Bryggen. Som det fiffige klokkesystemet hanseatane hadde, til spionhistorier frå andre verdskrig. Visste du at eitt av dei minste og mest ukjente museum i Bergen er på Bryggen?

– Det slår meg ofte kor internasjonal Bergen alltid har vore. Eit yrande folkeliv med mange typar folk samla. Korleis folk kring Bergen hadde tilgang på veldig eksotiske ting og korleis Bryggen har vore ein smeltedigel for dei som budde her i møte med verda ute, seier ho.

Ynskjer verdsarvsenter på Bryggen

Bryggen og dei andre verdsarvstadane i Noreg arbeider no med ei utstilling om verdsarv som idé i verda og Noreg. Den skal visast på alle verdsarvstadene i Noreg. Målet er òg å få på plass eit verdsarvsenter på Bryggen. Bakke-Alisøy vil gå i gang med eit pilotprosjekt på formidling av verdsarv retta mot barnehagar etter modell frå verdsarvstaden Rjukan-Notodden Industriarv. Eitt av måla i jubileumsåret er å styrke den lokale eigarskapen til verdsarvstaden Bryggen.

– Håpet mitt for framtida er at bergensarane bruker Bryggen i større grad enn i dag. At plassen er i bruk, og at det er fleire som har sin arbeidsplass her heile året. Viss fleire bergensarar nyttar seg av tilboda her, vil Bryggen bli meir attraktivt å syne fram. Eg ynskjer at Bryggen ikkje blir ei turistkulisse, men ein levande del av Bergen by, seier ho.