Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen Assembly set Bergen på kunstkartet

Frå 5. september til 10. november inviterer Bergen Assembly bergensarar og tilreisande til å utforske Bergen med nye auge. Kommunens visjon er at kulturbyen Bergen er i front internasjonalt.

- Eg trur det finst noko for ein kvar smak på Bergen Assembly. Eg oppmodar bergensarar til å ta del og utforske kva som finst, seier direktør Ingrid Haug Erstad.

Ho leiar kunstmønstringa som blir arrangert for tredje gong i haust. Den omfattar utstillingar og ein serie arrangement som skjer på ulike plassar i Bergen. Over 60 bidragsytarar er med i årets versjon, som har tittelen, "Actually, the Dead Are Not Dead". Bergen Assembly er eit heileigd kommunalt aksjeselskap og alle arrangementa er gratis. Til opningshelga kjem det publikum og presse frå heile verda.

Ny møteplass open for alle

Bergen Assembly har fire delar. Den eine er alle utstillingane på dei ulike utstillingsinstitusjonane rundt i byen. Det andre er lokalet Belgin, som ligg på grunnplan i Kode 2 og er opent for alle.

– I Bergen har vi ikkje "piazzaer", der folk samlast. Det er få ikkje-kommersielle stader der ein ikkje treng å kjøpe noko. Her kan barnehagarbarn ete nista si og organisasjonar som sjølv ikkje har lokale halde møter, fortel Erstad.

Lokalet er gratis og opent fram til november. Ein tredje del er Parliament of Bodies, ei heil natt med diskusjonar, musikk, performance, dans, filmvisning og ritual.
– Eg oppmodar alle om å få med seg arrangementet under opningshelga, det er ei heilt spesiell oppleving, seier Erstad.

Bli med på tur, spørsmålsskule eller kartteikning

Ein fjerde og viktig del av Bergen Assembly er formidling. Dei to bergensbaserte kunstnarane Daniela Ramos Arias og Stacy Brafield inviterer mellom anna til spaserturar kvar veke. Turane er gratis og har ulike tema.

– Det skal ikkje vere ein guida tur med føredrag, men at gruppa saman utforskar og snakkar seg gjennom ulike tema. Eit tema kan for eksempel vere utanforskap, eller andre tema frå Bergen Assembly, seier Daniela Ramos Arias.

Spørsmålsskulen er eit anna arrangement du kan vere med på kvar tysdag frå klokka 15.00 til 17.00. Det er ein stad for læring og undersøking, der målet ikkje er å finne svaret, men å skape nye spørsmål. Kvar søndag under Bergen Assembly det kartteikning som står på programmet. Mellom klokka 12.00 og 13.30 er det verkstad for alle aldersgrupper. Deltakarane blir invitert til å utforme ulike typar kart, for eksempel kart over sam- talar. Bergen Assembly har også et eiget prosjekt for skuleborn, «Forestilte fremtider», gjennom Den kulturelle skulesekken. Yngre og eldre elevar skal sjå utstil- lingane saman og snakke saman om kva dei opplever.

Sjå Bergen på nytt

Ein annan serie formidlingsaktivitetar er "Bergen Assembly formidler Bergen".

– Vi vil at kunstnarane skal hjelpe oss å sjå på Bergen med eit nytt blikk. Mellom anna skal vi vitje Botanisk hage på Milde og sjå på freskene i gamle Bergen Børs, seier Erstad.

Eit av måla for Bergen Assembly er å bidra til nye nettverk, ikkje berre innanfor kunstfeltet.

– Mellom anna samarbeider gruppa "Feminist Health Care Research Group" med Botanisk hage om eit prosjekt om medisinske plantar i eit historisk perspektiv. Eit anna prosjekt tar for seg urkorn og såkorn for framtida, og samarbeider med norske bønder. Vi ynskjer å skape nettverk som varar også etter festivalen, seier ho.

LES MEIR: Sjå heile programmet for Bergen Assembly på deira nettside

Internasjonal visjon for Bergen

– Informasjon om Bergen som kulturby er etterspurt i utlandet, seier Øyvor Johnson, direktør i Fagavdeling for kunst og kulturutvikling.

Visjonen for Bergen kommune er at kulturbyen Bergen skal vere i forkant internasjonalt.

– Det betyr at vi arbeider lokalt, men heile tida med eit internasjonalt bakteppe. Det betyr høg kvalitet, at vi gjer kunst- og kulturfeltet i byen så interessant at kunstnarar og kulturleiarar vil kome til oss, seier Johnson. Det gjeld heile det profesjonelle kunstfeltet: innan musikk, visuell kunst, litteratur, og spill – alle sjangrar. Johnson seier at ei utvikling dei seinare åra på kunstfeltet er etablering av nettverk.

– Mellom anna er Spillmakerlauget blitt ein modell for andre som ynskjer å satse på spillindustri. VISP er eit nettverk innan det visuelle kunstfeltet som er blitt ein viktig referanse for andre i Noreg, seier ho.

Planar dei neste ti åra

Bystyret i Bergen har vedteke tre store og viktige planar for kunstfeltet som gjeld dei neste ti åra. "Kunstplan for Bergen 2018–2027" handlar om satsingar i dei ulike sjangrane. Den inneheld tiltak for at kulturbyen Bergen skal vere ein internasjonal kunstby som satsar både smalt og breitt, er synleg, samfunnsrelevant og framtidsretta, og som vågar å gå nye vegar.

– Eit nytt og viktig tiltak i planen er satsing på kritikk. Utan offentleg debatt blir kunsten mindre synleg og derfor òg mindre relevant. Vi har allereie gjort tiltak, som å støtte kritikarar og å få viktige tidsskrift som Vagant og Kunstkritikk attende til Bergen. "Amatørkulturplan for Bergen 2018– 2027" handlar mellom anna om tilskots- ordningar og ressursar som kan kome amatørkultfeltet til gode.

– Det produserast masse nyskapande innhald i Bergen. Rekruttering, deltaking og lokal er viktige tema i planen, seier Johnson.

"Kulturarenaplan 2919–2030" tar for seg kvar vi vil finne kunst og kultur. Mellom anna Åsane kulturhus som skal stå ferdig neste år, Sentralbadet scenekunsthus, nytt kulturhus i Fyllingsdalen og planer for USF-kvartalet. Kommunens planar skal sikre langsiktig arbeid og spegle behova og prioriteringar på dei ulike felta.

– Dette fører til at bergensarane får eit breitt og variert kulturtilbod. Det skal vere noko for alle, seier Johnson, og legg til at planane også peikar på eit ynskje om ei digital plattform som kan synleggjere det store kulturtilbodet som finst. Ho meiner det som kjenneteiknar Bergen som kulturby, er nettopp at den både breitt og smalt held høg kvalitet og mange flinke aktørar, festivalar, institusjonar og verksemder.

– Det eg ynskjer meg framover er eit stort kulturbudsjett! Kvifor? Kultur er fellesskap, du blir utfordra og det setter i gang refleksjon. Det gjer byen attraktiv, seier ho

KULTURTIPS I HAUST: På kommunens nettside finn du oversikt over arrangementer på kulturfeltet i haust

Denne saka sto også på trykk i Bergeseren nr 3 2019