Gå tilbake til:
Du er her:
Bergen og Oslo samarbeider om digitale tenester bilde
IKKJE FYLLEPENN: Dei to byrådsleiarane Harald Schjelderup og Raymond Johansen lot fyllepennen liggje då dei skreiv under på avtalen.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Bergen og Oslo samarbeider om digitale tenester

Bergen og Oslo skal arbeide om å endre dei kommunale tenestene i digital retning. Onsdag 11. april signerte byrådsleiarane Raymond Johansen og Harald Schjelderup avtalen.

Dette er den andre samarbeidsavtalen Bergen kommune har inngått med andre kommunar i løpet av ein månad. Førre månad gikk Bergen saman med andre kommunar i Hordaland om å samarbeide om digitale tenester. Denne gongen var det toppmøte i Media City Bergen mellom byrådsleiarane og finansbyrådane i hovudstaden og Vestlandets hovudstad.

Tar grep for å samordne

Det offentlege Noreg har fått kritikk frå fleire hald, både for takta i digitaliseringa av landet og fordi arbeidet skjer desentralisert og utan overordna system. No tar dei to største byane i landet grep.

- Digitaliseringa påverkar livet både i arbeid og kvardag for både innbyggjarane våre og dei tilsette. Dersom ikkje større kommunar som Bergen og Oslo går fremst og grip høva som digitaliseringa gir for å lage endå betre kommunale tenester, kan det gå utover oppslutninga frå innbyggjarane om å betale skatt til fellesskapet. Eg er difor veldig stolt over at vi saman har på ledertrøya for å styre denne utviklinga, seier byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen.

Filmen om Tim

Saknar felles møteplassar

Byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup, fortel at kommunane vil dele løysingane dei har utvikla med andre kommunar. Og på denne måten yte ein skjerv til å byggje landet for framtida.

- Eit godt døme er korleis digitale hjelpemiddel frigjer tid for heimesjukepleiarane i Bergen. Dei skriv no rapportane inn på nettbrett i staden for å bruke tid på å køyre tilbake til kontoret og fylle ut skjema. Arbeidsdagen deira vert enklare og det sikrar at dei neste som kjem på jobb får oppdatert kunnskap om situasjonen til brukarane, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

Dei to byrådsleiarane meiner det manglar politiske arenaer på nasjonalt nivå kor politikarane i dei store byane kan møte ansvarlege statsrådar for å løyse dei felles utfordringane. Toppleiarane i Bergen og Oslo vonar samarbeidet mellom dei to byane vil inspirere staten til å jobbe meir samordna.

Skal dele med andre

- Vi må handle når så mange aktørar meiner at digitaliseringa av offentleg sektor er så oppdelt og tilfeldig. Regjeringa maktar ikkje gjere nok. Vi som kommunar vert for små åleine. Folk flest er ikkje opptekne av om det er kommunen, fylkeskommunen eller andre offentlege etatar som har ansvaret for tenestene. Dei er opptekne av om dei får dei tenestene dei skal ha, meiner Raymond Johansen.

Dei to kommunane meiner at innbyggjarar over heile landet vil tene på samarbeidet. Kommunane ønskjer å samarbeide med alle som ønskjer ta del i den digitale endringa av offentleg sektor.

Konkrete satsingsområde

Både i Bergen og Oslo er det finansbyrådane som kler rolla som digitaliseringsbyråd. Dag Inge Ulstein i Bergen og Robert Steen i hovudstaden har peikt på nokre hovudområde som dei skal samarbeide om i første omgang.

  • Transport
  • Helse- og velferdsteknologi
  • Smarte bygg
  • Automatisering
  • Bruk av robotteknologi
  • Brann- og redningstenester

Til dømes ser dei for seg at Bergen kan lære av Oslo når det gjeld digitalisering i transportsektoren. Og at hovudstaden kan lære om korleis Bergen til dømes nyttar dronar i arbeidet til brannvesenet.

Bergen og Oslo samarbeider om digitale tenester bilde
FEKK TIM: Finansbyråd i Oslo, Robert Steen, gav kollegaen i Bergen, Dag Inge Ulstein, ei utgåve av figuren "Tim". "Tim" er ein gjennomgangsfigur som Oslo nyttar når dei skal fortelje om korleis digitalisering kan følgje oss gjennom livet.
OLA HENNING MÅLSNES
Bergen og Oslo samarbeider om digitale tenester bilde
DIGITALT TOPPMØTE: Byrådsleiar Harald Schjelderup, byrådsleiar Raymond Johansen (Oslo), finansbyråd Robert Steen (Oslo) og finansbyråd Dag Inge Ulstein samla seg i Bergen for å starte samarbeid om digitale tenester.
OLA HENNING MÅLSNES