Gå tilbake til:
Du er her:
Gatekunst på byggeplassgjerde
KUNST: Byggeplassgjerdet rundt Bergen Rådhus er i løpet av natta gjort om til ei kunstutstilling.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Byen har fått seg kunstgjerde

I løpet av natt til måndag er det komme opp fleire meter med gatekunst på byggeplassgjerdet rundt Bergen rådhus. Heilt tilfeldig er det ikkje.

– Heile rådhuset er omkransa av eit trekvitt plankegjerde. Utbygginga av Bybanen bidreg også med byggearbeid i Kaigaten. Kommunen vil med dette gi bergensarane og tilreisande noko anna å kvile blikket på og tenkje over, seier eigedomsbyråd Erlend Horn.

Kunstaren Harem i arbeid med bilete.
TIL KJÆRASTEN: Kunstnaren Harem i arbeidet med verket som no er festa på byggegjerdet. - Biletet er ein heider til kjærasten min, fortel han.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Rådhuset og området rundt er for tida eit anleggsområde. Slik kjem det til å vera fram til hausten 2021. Når arbeida er ferdige og byen har fått eit "nytt" rådhus, blir det òg ein rådhusplass der kunstnarar har vorte inviterte til å delta i utforminga. Målet er at plassen skal knyta innbyggarar og kommune tettare saman.

70 meter langt galleri

– 266 meter med byggeplassgjerde er der for tryggleiken, men er ikkje nett ein augefryd. Bergen har eit flott og stort miljø av dyktige kunstnarar. Difor bestemte vi oss for å spørja dei om dei ikkje kunne gjera noko ut av dei 70 meterane med gjerde som vender mot Kaigaten, fortel Erlend Horn.

Byggeplassgjerde som er svartmåla.
LANG BOLTREPLASS: Nærare 70 meter av det digre gjerdet som omkransar byggeplassen ved rådhuset er forvandla til eit gategalleri.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES

Rådhusprosjektet har sett av 80.000 kroner forutan moms til kunstgjerdet. Anders Oskar Næss i PiecebyPiece har vore bindeleddet mellom kommune og kunstnarar. Interessa for å delta har vore stor. I starten var det snakk om fire deltakande kunstnarar. Det talet vaks til ti.

– Det eksploderte litt. Kunstnarane synest dette er eit spennande prosjekt på grunn av at det ligg så sentralt og blir sett av så mange. Veggen består av individuelle verk som er kopla saman med ein felles filosofi og tanke. Den gjennomgåande raude tråden er å kjenna seg sjølv, fortel Anders Oskar Næss.

Heider til Grundt

Nyleg avdøde Laurie Grundt er heidra på veggen med eit portrett signert Nimi. Kunstnaren Harem er òg med blant kunstnarane som fekk interessa vekt av den sentrale plasseringa.

– Plasseringa er ein god grunn til å vera med. Det er midt i byen og blir sett av mange. Eg får høve til å visa fram noko som er viktig og som har eg lyst til å visa fram. Høvet til å kunna måla på store format er ekstra gøy, seier Harem (Håkon Børs-Lid).

Store mål

Verka er måla på plater med dimensjonen 2,4x1,2 meter. Harem har, med utgangspunkt i temaet kunstnaren vart samde om, vald å heidra kjærasten sin.

– Ho er berre eit døme òg. Verket eg har laga handlar om alle menneska som har ein positiv effekt på livet mitt, fortel han.

Mange kunstverk under arbeid i eit atelier.
ATELIER: Kunstnarane har arbeidd tørt i eit atelier på Nøstetorget for å gjere verka klare for utstilling.
Bilde: OLA HENNING MÅLSNES