Gå tilbake til:
Du er her:
Helene Kristin Hindenes får fagbrev av helsebyråd Ruth Grung.
ENDELEG: Helene Kristin Hindenes fekk torsdag kveld fagbrevet som barne- og ungdomsarbeidar i handa av helsebyråd Ruth Grung. 184 lærlingar i kommunen har det siste året bestått fagprøva.
Bilde: Ola H. Målsnes

Endeleg kom fagbrevet i handa

Etter tre dagar med ein sensor på slep fekk Helene Kristin Hindenes meldinga om at fagprøva var bestått. Torsdag kveld fekk ho det synlege beviset i handa.

Finstasen er på og det er høgtid når yrkesopplæringa i Bergen kommune kvar haust gjer stas på alle lærlingane som har nådd målet med fagutdanninga. Årets kull er spesielt på ein måte. Dei leverte søknaden om læreplass berre nokre dagar før landet blei koronastengd 12. mars 2020.

Godt å vere ferdige

Helene Kristin Hindenes og Maria Haugsdal
FESTKLEDDE: Etter å ha vore gjennom ei tre dagar lang fagprøve gledde barne- og ungdomsarbeidarane Helene Kristin Hindenes og Maria Haugsdal seg til å få fagbrevet i handa.
Bilde: Ola H. Målsnes

Ved eitt av dei festdekte borda sit Helene Kristin Hindenes og Maria Haugsdal. Dei ventar på å få servert middag, og ikkje minst få fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

– Det har vore mykje arbeid. Tanken min då eg fekk meldinga om at hadde bestått, var at det var utruleg deilig, seier Hindenes. I læretida har ho jobba i Lyngfaret barnehage og Kjøkkelvik skole.

– Det er godt å vere ferdig, synest Maria Haugsdal som har vore lærling på Sandgotna skole og Kjøkkelvik skole.

184 lærlingar har bestått

Faget deira er saman med helsearbeidarfaget dei to største lærefaga i Bergen kommune. I tida oktober 2021 til oktober 2022 er det 184 lærlingar som har tatt og bestått fagprøva. I tillegg er det ti tilsette som har tatt fagbrev i jobb. Kommunen har elles utdanna nye fagarbeidarar innan faga anleggsgartnar, institusjonskokk, kjemiprosess, kontor og administrasjon, trevare og bygginnreiing, tømrar, byggdrift, feiar og IKT.

Oppgåva på fagprøva til dei to barne- og ungdomsarbeidarane var open.

– Oppgåva handla om litt av alt, fysisk aktivitet og barnepass. Det var greitt. Eg kunne velje litt fritt, fortel Maria Haugsdal.

Tre dagar med prøve

Og fagprøva er ikkje noko som er over på nokre timar. For dei to jentene varte prøva i tre arbeidsdagar.

– Vi har jo hatt desse to åra på å førebu oss. Og gjennom heile læretida har vi fått liknande oppgåver. Prøva handla om oppgåver som vi alltid har hatt. Det mest nervepirrande var at det kom ein ukjend som skulle følgje med på kva vi gjorde, seier Helene Kristin Hindenes.

Ho har fått seg fast jobb på ein avlastningsheim og kjem til å halde fram med det. Maria sjonglerer mellom tre ulike jobbar. Og til slutt fekk dei fagbrevet i handa av byråd for helse og omsorg, Ruth Grung, som helste på alle dei 100 fagarbeidarane som var til stades under utdelinga.

– Ta vare på fagbrevet, men ikkje slutt å vere nysgjerrig på faget. De skal lære resten av livet, oppmoda helsebyråden.

Marie Størdal og Lise Foss Hjortland
VERTINNE: Marie Sofie Størdal var vertinna for kvelden og ho møtte også Lise Foss Hjortland som kom frå studiar i Oslo for å hente fagbrevet i kontor- og adminstrasjonsfaget.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Vil at alle skal lukkast

Vertinna for kvelden, Marie Sofie Størdal, som leiar arbeidet med yrkesopplæring i Bergen kommune, synest det er høgtideleg og rørande å sjå alle dei festkledde fagarbeidarane.

– Det er høgtideleg fordi alle her har nådd eit mål dei har sett seg og fått fagbrev. Vi, som jobbar med lærlingane, ønskjer jo at dei skal lukkast, seier Marie Sofie Størdal.

Tre blei årets lærlingar

Bildet er satt sammen av tre bilder hvor hvert av dem viser en årets lærling sammen med en fagleder.
ÅRETS LÆRLINGAR: Fagleg leiar Edith Tysnes samen med Selina Simone Tøkje, Eirin Storebø saman med fagleg leiar Jolanta Seferowicz og fagleg leiar Kristin Haugland og lærling Lea-Lorentine Næss Olsen.

Under utdelinga vart tre lærlingar heidra som “Årets lærling”: Selina Simone Tøkje frå kontor- og administrasjonsfaget, Eirin Storebø frå barne- og ungdomsarbeidarfaget og Lea-Lorentine Næss Olsen frå helsearbeidarfaget.

  • Selina Simone Tøkje blei nominert av sjukeheimen der ho jobbar. Ho er årets lærling fordi ho er fagleg dyktig, hjelpsam, positiv og lærevillig.
  • Eirin blei årets lærling fordi ho er fleksibel og ein ja-person. Ho tar eit ekstra tak når det trengst og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Lea-Lorentine er årets lærling fordi ho har høg interesse for faget, bebuarar og kolleger. Ho er engasjert, nysgjerrig, fleksibel og empatisk.