Gå tilbake til:
Du er her:
Nils Mæhle og Ruth Brudvik i Eldrerådet
Nils Mæhle og Ruth Brudvik i Eldrerådet jobbar med å tydeleggjere dei eldre sine interesser.
Bilde: Vibeke Blich

Gi innspel til Eldrerådet

Alle blir vi eldre, og om få år vil dei eldre utgjere ein tredjedel av befolkninga i Bergen. Da er det viktig å få innspel frå representantar for dei eldre i politiske sakar.

Eldrerådet er eit kommunalt råd oppnemnt av bystyret med to hovudoppgåver: Å gje råd til andre kommunale organ om saker som gjeld eldre, samt å ta initiativ til ei sak og fremja ho for politikarane. 

Ønsker dialog med dei eldre i Bergen

- Difor er det viktig at me har god dialog med eldre folk i Bergen, seier tidlegare høgskuledirektør og leiar i Eldrerådet, Nils Mæhle, og oppfordrar innbyggjarar om å ta kontakt om dei har innspel om ein konkret sak eller eit tema som angår dei eldre: 

- Det kan vere lettare å snakke med oss enn å sende eit brev til byrådet. Vi kan få noko til, for vi har vårt perspektiv og mykje kompetanse spreidd på medlemmene som bør brukast aktivt. Dei som blir oppnemnde, har gjerne lang erfaring frå arbeidsliv eller frivillig arbeid og kompetanse som kan brukast vidare. Eldrerådet er ein ressurs, og den må brukast, seier tidlegare HMS-sjef i Hordaland fylkeskommune og nestleiar Ruth Brudvik Brudvik. 

Treng innspel

Alle møte i Eldrerådet startar med ope halvtime der innbyggarar kan legge fram saker for rådet i korte innlegg.  På møtet 3. november skal Eldrerådet behandle sine innspel til budsjettet.  

Dei understrekar at du ikkje må la dørstokkmila hindre deg: 

- Om du ikkje tek kontakt, veit vi heller ikkje om utfordringa di, og det hjelper ingen. Kanskje kan fleire innspel om same emnet og din e-post eller telefon vere det som set hjula i sving 

Les mer om Eldrerådets oppgaver, kontaktinformasjon, møtekalender og sakspapirer, møtedeltakere. 

Kontakt Eldrerådet

Eldrerådet følger opp alle saker som gjeld dei eldre. Du kan kontakte Eldrerådet ved å sende e-post til eldreradet@ bergen.kommune.no  eller på telefon: 991 08 215. Leiar , Nils Mæhle, kan nås på telefon: 909 22 673.