Gå tilbake til:
Du er her:
Holen skole med skuleklokke
HISTORISK: I 2021 har Bergen kommune nådd eit historisk høgt investeringsnivå, viser rekneskapen. Bygginga av Holen skole er eitt av mange store prosjekt.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Godt resultat for kommunen i 2021

Den førebelse rekneskapen viser at Bergen kommune i 2021 fekk eit positivt netto driftsresultat på 1.184 millionar kroner. Det er 622 millionar kroner betre enn i 2020.

Resultatet er ei betring på 641 millionar kroner samanlikna med justert budsjett for 2021. Driftsresultatet på 1.184 millionar kroner er på 4,6 prosent. I 2020 var driftsresultatet på 2,4 prosent.
 

Skattevekst på tampen

– Byrådet har treft godt i budsjettet når det gjeld økonomien i tenestene. På tampen av året har Bergen kommune fått ekstra sentrale inntekter frå skatt og rammetilskot som vi ikkje såg for oss. Dette er uansett midlar som kjem godt med i den framtidige økonomien til Bergen kommune, seier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.

Skatteinngangen for både landet og Bergen har hatt stor vekst i 2021, samanlikna med året før. Veksten i skatteinntektene for landet var på 16 prosent samanlikna med fjoråret, mens den tilsvarande veksten for Bergen var på 14,9 prosent. 

Mindre til utjamning

– Det har vore ein merkbar vekst i skatteinntektene. I tillegg fekk Bergen kommune ekstra rammetilskot i desember. Dette var midlar for å dekke meirutgifter i samband med koronapandemien. Når skatteveksten har vore stor for heile landet har også Bergen fått behalde meir enn vanleg i inntektsutjamninga mellom kommunane, seier Larsen.

Sidan justert budsjett er auken i skatteinntektene på 198,4 millionar kroner. Utviklinga i auka inntekter frå rammetilskot er på 236,3 millionar kroner. Bergen kommune har også fått redusert trekket i inntektsutjamninga med 112 millionar kroner. I tillegg er 125 millionar kroner ubrukte midlar til eingongstiltak og varige tiltak som er forseinka og ikkje sette i verk i 2021.

Positivt avvik i tenestene

Tenesteområda til kommunen hadde i 2021 eit justert budsjett på 17,8 milliardar kroner og ender i rekneskapen med eit samla positivt budsjettavvik på 76,1 millionar kroner. Avviket utgjer 0,4 prosent av det samla driftsbudsjettet.

– Dette viser at Bergen kommune gjennom heile 2021 har hatt ei god økonomisk styring på drifta vår, seier finansbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen.

Historisk høgt investeringsnivå

I 2021 har Bergen kommune nådd eit historisk høgt investeringsnivå: Utanfor avgiftsområdet er det i alt gjennomført investeringar for 3.244 millionar kronar. I 2020 blei det til samanlikning investert for 2.251 millionar kroner. 

Det er innan barnehage og skule dei største investeringane har vore. Kommunen har store prosjekt med høg aktivitet som Bergen inkluderingssenter, Kronstad oppveksttun, Holen skole, Bergen rådhus og Åsaheimen og kjøp av Akasia-barnehagane. Samla sett har det vore eit mindreforbruk på investeringane på 45 millionar kroner samanlikna med justert budsjett.

Det positive driftsresultatet gjer at Bergen kommune kan setje av 651 millionar kroner meir til disposisjonsfond enn justert budsjett. I tillegg vil 549 millionar kroner bli nytta til å eigenfinansiere investeringane.

– Dette gjer at kommunen står betre rusta til vanskelegare tider. Når vi kan finansiere investeringane med eigne pengar, og ikkje lån, gjer det at vi får mindre utgifter til å handtere gjeld, seier byråd Per-Arne Larsen.

Bergen kommune gjer merksam på at rekneskapen er førebels sidan den ikkje er revidert enno. Utfyllande detaljar om økonomien til dei ulike tenesteområda blir kjende når årsmeldinga til kommunen vert offentleg 31. mars 2022.

Søkeord bokmål: regnskap regnskapet