Den er raud og fin bossbilen som skal hente avfallet frå kommunal verksemd i den mest sentrale delen av Bergen kommune. Det spesielle med bossbilen er at den er heilt elektrisk og det faktisk før tida. Den raude bilen kallast også komprimatorbil fordi den har ei presse som pakkar bosset godt saman.
Utsleppsfrie bossbilar
- I utlysinga har vi kravd at alle bossbilane som skal nyttast i oppdraget for kommunen innanfor den indre bomringen skal vere heilt utan utslepp. I kontrakten får leverandøren eitt år på seg til å oppfylle dette. Då synest me det er ekstra kjekt å sjå den elektriske bossbilen på vegen allereie no, seier rådgjevar Tone Mari Dahle i Innkjøp konsern.
Kontrakten blei underskriven i slutten av juli 2020. Leveringa tok til 1. oktober. Leverandøren BIR Bedrift har vore tidleg ute med å oppfylle kravet frå innkjøparane i kommunen.
Fem bilar i BIR-systemet
– Dette er den første elektriske komprimatorbilen til BIR Bedrift. I BIR-systemet elles er denne den femte. Dei andre bilane hentar boss frå hushalda. Bilen vår er den første i regionen som hentar næringsavfall. Det er vi veldig stolte over, seier salsleiar Tor Mario Auran i BIR Bedrift.
Han fortel at dei skjønte kva veg det bar når det gjeld utsleppskrav. I førre kontrakt var det kravd biodrivstoff.
– Vi såg kva som ville kome og bestilte denne bilen for halvanna år sidan. Den er meir kostbar enn ein vanleg bossbil og har ei leveringstid på eit drygt år, seier Auran.
300 henteadresser
Den nye bossavtalen gjeld om lag 300 kommunale adresser over heile Bergen. Avtalen omfattar all kommunal verksemd frå kontor til skular, sjukeheimar og barnehagar.
– Vi stiller krav til utslepp i konkurransane våre for å følgje opp den grøne strategien til kommunen. Vi skal bli meir klimavennlege totalt som kommune. Og området innanfor bompengeringen er vald ut som eit foregangsområde, seier rådgjevar Tone Mari Dahle i Innkjøp konsern.
I Grøn strategi heiter det at kommunen vil arbeide for å få eit fossilfritt sentrum med fossilfri kollektivtransport og varelevering. Eit mål i strategien er at det ikkje skal vere utslepp av klimagassar og NOx ved avfallstransport i Bergen sentrum.