Tilskotsordningane er ikkje meint for privatpersonar. Dei fleste tilskota rettar seg mot nettverksorganisasjonar, klyngeorganisasjonar, medlemsorganisasjonar og selskap. Dei nærare vilkåra finn du i den nærare omtalen av kvar ordning.
Dette er dei tre tilskotsordningane som no er lyste ut:
- Tilskotsordning for grøn næringsutvikling: Ordninga rettar seg om omstilling av eksisterande og utvikling av nye berekraftige verdikjeder. Tilskota skal bidra til reduserte utslepp, mindre forsøpling, færre miljøskadar, sirkulær økonomi og omstillingsarbeid som bidrar til grønnere verdikjeder. Ordninga har ei budsjettramme på tre millionar kroner.
- Tilskot til næringsutviklingstiltak: Denne ordninga er for organisasjonar og selskap som har prosjekt som kjem fleire næringsaktørar til gode og som ikkje er konkurransevridande. Ordninga har ei budsjettramme på 5,8 millionar kroner.
- Tilskot til Fairtradebyen Bergen: Ordninga skal stimulere til ansvarleg næringsutvikling og gi støtte til tiltak som fremmer etisk og rettferdig handel i fairtradebyen Bergen. Ordninga gir støtte til nye prosjekt og aktivitetar i budsjettåret. Ordninga disponerer 250.000 kroner i 2023.