Gå tilbake til:
Du er her:

Rekneskapen for 2019 lagt fram

Rekneskapen viser at Bergen kommune fekk eit positivt netto driftsresultat på 830 millionar kroner i 2019. Det er 464 millionar kroner meir enn budsjettet.

Korreksjon: Sidan opphavleg publisering er talet for avviket mellom rekneskapsført og budsjettert netto driftsresultat korrigert frå 394 til 464 millionar kroner.

Det positive avviket frå budsjettet skuldast i hovudsak at Bergen kommune fekk 310 millionar kroner meir i skatteinntekter og rammetilskot enn det som var budsjettert. Mindre utgifter til renter og avdrag, samt eit mindreforbruk i tenestene utgjer 80 millionar kroner.  Delar av mindreforbruket i tenestene skuldast at nye budsjetterte tiltak vart iverksette seinare enn føresett.

Rekneskapen er førebels i tydinga at han ikkje er revidert.

Vekst i skatteinntekter

- Skatteinntektene til Bergen har på tampen av året vore høgare enn landsgjennomsnittet og det som låg til grunn i statsbudsjettet. Saman med ein god kontroll på utgiftene har det bidratt til dette resultatet, seier finansbyråd Erlend Horn.

Netto driftsresultat var i 2018 på 931 millionar kroner og utgjorde 4,3 prosent av driftsinntektene. 2019-resultatet er nærare 100 millionar kroner svakare enn dette. Resultatet for fjoråret utgjorde til samanlikning 3,6 prosent av driftsinntektene.

Naudsynt med ansvarleg styring

- Skatteveksten i fjor er pengar som kjem ein gong, mens dei store utgiftene i hovudsak er varige. Difor kan ikkje desse pengane gå med til å styrke drifta. Eg tilrår at pengane går til å styrke fonda våre. Det er heilt naudsynt med tanke på framtidsbiletet vårt, meiner finansbyråden.

Byrådet har budsjettert med eit positivt netto driftsresultat. Dette er gjort mellom anna for å kunne finansiere med eigne og ikkje lånte pengar dei store investeringane som må gjerast innan barnehagar, skular og helsebygg.

Brukast til eigenfinansiering

- 424 millionar kroner av resultatet skal vi bruke til å finansiere investeringane våre. Dette gjer at kommunen ikkje må ta opp større lån. Slik får vi mindre kostnadar til renter og avdrag som ville binde økonomien vår i mange år bortetter, fortel byråd for finans, næring og eigedom , Erlend Horn.

På drifta av tenestene er det størst negativt avvik i høve budsjett på områda skule og tenester for personar med utviklingshemming. Avviket på skule er minus 30,1 millionar kroner og for tenestene til utviklingshemma 30,9 millionar kroner. For drifta av alle tenester samla er det eit mindreforbruk på 48 millionar kroner.

Investerte for 2,2 milliardar kroner

Det vart i 2019 investert for 2,2 milliardar kroner. Det er om lag 200 millionar kroner meir enn i 2018. Samanlikna med budsjettet er det eit mindreforbruk på 732,3 millionar kroner.

Ei forklaring på mindreforbruket er at det i bystyret ikkje var fleirtal for å vedta framlegga til justeringar i 2. tertialrapport 2019. Årsaka til dei foreslåtte nedjusteringane i 2. tertial var at ein del prosjekt ikkje var påbegynte eller blei forskyvde.