Gå tilbake til:
Du er her:
Byggeplassen Kronstad oppveksttun
HØG AKTIVITET: Rekneskapen viser at det har vore svært høg aktivitet på investeringsfeltet i 2020. Kronstad oppveksttun er mellom dei store prosjekta som vart sette i gang.
Bilde: Ola H. Målsnes

Sunn, men anstrengd kommuneøkonomi i kriseåret

Rekneskapen viser at Bergen kommune i 2020 fekk eit positivt netto driftsresultat på 561,9 millionar kroner. Det er 268 millionar kroner mindre enn 2019, men betre enn justert budsjett.

- Vi har enda ikkje full oversikt over pandemien sine konsekvensar for innbyggjarar og næringsliv. Me har gjennomført dei tiltaka som pandemien har kravd utan at det har gått ut den økonomiske evna til å handtere uvissa som me framleis må leve med, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Svakaste resultatgrad på fem år

Målt i prosent av driftsinntektene er netto driftsresultat på 2,4 prosent. Resultatgraden er den svakaste på fem år. Det har vore ein markant nedgang i skatteinntektene. Svikten i desse inntektene er dekka inn gjennom auken i rammetilskot frå staten.

- Kommunen har gjennom heile året sett inn alle naudsynte ressursar for å handtere koronautbrotet, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Kan eigenfinansiere investeringar

For å handtere pandemien vedtok bystyret å ta midlar frå disposisjonsfondet til kommunen. Rekneskapen viser at disposisjonsfondet i staden kan få eit lite innskot. I tillegg blir unytta øyremerkte midlar sette inn på bundne fond.

- Kommunen står overfor store investeringar i barnehagar, skular og eldreomsorga. 490,6 millionar kronar frå driftsresultatet går til å eigenfinansiere investeringar. Det er med på å halde gjelda til kommunen nede og me reduserer belastninga på framtidige driftsbudsjett, seier Roger Valhammer.

Svikt i skatteinntekter

- Reduksjonen i skatteinntektene er på 2,5 prosent. Samanlikna med landsgjennomsnittet er skatteinntektene for kvar innbyggar i Bergen i fjor det lågaste me har hatt sidan 2006. Det gir grunn til uro og me må sjå nærare på kva som er årsaka til dette, seier byrådsleiaren.

Samla rammetilskot frå staten blei omlag 165 millionar kroner større enn lagt til grunn i justert budsjett. Auken i rammeinntektene har samanheng med ekstraløyvingar på til saman 464,4 millionar for å gjere kommunen i stand til å handtere koronapandemien. Ein stor del av desse løyvingane kom mot slutten av året i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2020 og fordeling av skjønsmidlar frå Statsforvaltaren. Staten har i tillegg løyvd 173,2 millionar kroner i øyremerkte tilskot.

Dei auka statlege løyvingane til handtering av korona-pandemien i 2020 har blitt brukt både til å kompensere for skattesvikt og til å finansiere ein betydeleg utgiftsauke som følgje av pandemien. Dei auka utgiftene gjeld både meirkostnader ved smitteverntiltak og aktive tiltak som er sette i verk for å halde oppe aktiviteten, gi økonomisk bistand og utvide tenestetilbodet.

Statleg pakke finansierte kommunal pakke

Bystyret vedtok å løyve 150 millionar kroner i ei tiltakspakke for utbygging- og vedlikehaldsprosjekt for å stimulere økonomien. Denne har i etterkant blitt delvis finansiert av staten gjennom eit øyremerkt tilskot på 137,1 millionar kroner.

På tenestene er det eit positivt avvik frå budsjett på 397,2 millionar kroner. Det største avviket er på dei sentrale postane. Dette er for ein stor del midlar avsette til nye tiltak som ikkje har blitt gjennomførte eller har blitt forseinka i 2020.

Høg gjennomføring av tiltak

Samanlikna med rekneskapen for 2019 har driftsutgiftene auka med over 700 mill., mens driftsinntektene har auka med om lag 490 mill. Utgiftsveksten viser seg òg i den høge gjennomføringa av nye tiltak i driftsbudsjettet.

Dei andre forholda kan forklarast med mindre etterspurnad etter ein del tenester som følgje av koronapandemien. Bergen kommune har også brukt 110,3 millionar kroner mindre på energi, transport, kurs og samlingar samanlikna med 2019.

I 2020 investerte kommunen for 2,5 milliardar kroner. Det var budsjettert med investeringar for 2.9 milliardar kroner. I eit år prega av korona har det vore godt samsvar mellom opphavleg budsjett og gjennomføring. Kommunen har bidratt til høg aktivitet i denne delen av næringslivet.