Gå tilbake til:
Du er her:

Årets vinterhøgdepunkt på Kvamskogen

I 26 år har Idrettsservice og kulturkontorene arrangert vinteraktivitetar på Kvamskogen for utviklingshemma. For mange er dette årets høgdepunkt.

I løpet av ni dagar deltek 950 utviklingshemma med ledsagarar på Aktive dagar på Kvamskogen. Med aktivitetar som langrenn, snøscooter, frisbee-golf, aking og hundespann er arrangementet populært blant deltakarane.

Madli Oppheim Dagg (17), som går kvardagsliv-linja på Stend vidaregåande, storkosar seg på Kvamskogen. Allereie før lunsj har ho fått med seg det meste av dagens aktivitetar.

- Eg har prøvd aking, snøscooter og hundespann. Å sitte på med snøscooter var det kjekkaste.

Ho fortel at ho har vore med på arrangementet ein gong tidlegare. Saman med ho er miljøarbeidar frå Stend vidaregåande, Even Andre Størdal. Han synest Aktive dagar er eit kjempebra tilbod.

- Dette er eit fantastisk arrangement! Alle kosar seg veldig.

Fornøgde deltakarar

Mari Bryn Sørli (20) og Synne Slåen Nornes (20) har begge kjekke dagar på Kvamskogen. Dei studerer 1. året ergoterapi ved Høgskulen på Vestlandet, og er med som arrangørar. Gjennom dagen møter dei mange fornøgde fjes

- Det er fleire som fortel at dei har vore her i tre år, men som framleis har dette som årets høgdepunkt. Veldig mange er fornøgde med opplegget, spesielt i akebakken. Det er veldig kjekt for oss å vere med, fortel Mari.

For Synne og Mari handlar dagen om å få deltakarane med på aktivitetane og motivere undervegs dersom det trengst. Arrangør Gøril Sundet Nilsen er glad for å ha med så mange frivillige på laget.

- Vi har med ein god gjeng med ergoterapistudentar, Røde Kors, som har vore med heilt frå starten av, og ei gruppe med elevar frå Stend vidaregåande som køyrer hundespanna.

Stor pågang

Arrangementet som vert arrangert av Idrettsservice og kulturkontorene, er eit populært tilbod. Pågangen har vore stor, og arrangementet som strekk seg over ni dagar er i år heilt fullt.

- I år er det veldig godt oppmøte. Vi får veldig mange gode tilbakemeldingar både frå brukarane sjølv og dei som er med dei. Dei seier at dei gler seg til dette arrangementet heile året. For dei er dette det kjekkaste som skjer på vinterstid, seier Nilsen.