Gå tilbake til:
Du er her:

Bergenskonferansen for nynorsk om det offentlege språket

Bergenskonferansen for nynorsk 6.-7. april 2019 har språket i det offentlege og fagspråk som tema.

Konferansen vert dette året skipa til i samarbeid mellom Bergen kommune, Bergen Mållag og Hordaland Mållag. Bergenskonferansen for nynorsk finn stad på Grand Hotel Terminus i Bergen, laurdag 6. april og sundag 7. april.

Du kan laste ned program og klikke deg inn til skjema for påmelding på denne sida.

Fagspråk og offentleg språkbruk

Bystyret i Bergen vedtok februar 2018 tre viktige mål for kva plass nynorsken skal ha i Bergen og tiltak for å gjere nynorsken meir synleg og friare.

Difor vil konferansen i år rette merksemda på nynorsk innan dei områda som kommunen har med å gjera. Språket i barnehagen, skulen, kulturlivet, fagspråk og ikkje minst forvaltninga.

Hovudpunktar i programmet

Her er ein smakebit på innslaga i årets konferanse:

  • Nynorskbyen Bergen. Korleis følgja opp dei politiske vedtaka?
  • Debatt: Nynorskbyen Bergen i neste valperiode
  • Nynorsk som styremål i det nye Vestland fylke
  • Barnehage, språk og identitet
  • Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet
  • Nynorskens hus i Bergen
  • Debatt: Norsk fagspråk i møte med engelsk

Kven kjem?

Dei du kan høyre på konferansen i år er mellom anna:

  • Roger Valhammer, byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen
  • Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
  • Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane
  • Edit Bugge, førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet
  • Torgeir Dimmen, leiar av Nynorsksenteret
  • Jarle Skeidsvoll, ordførar i Osterøy
  • Solrun Toft Iversen, teatersjef på Hordaland Teater
  • Atle Kvamme, næringspolitisk sjef i Bergen næringsråd

Pris og påmelding

  • Pris for begge dagane: Vil du vera med begge dagane, kostar det 600 kroner for sjølve konferansen. Er du student, kostar det 300 kroner for konferansen.
  • Pris for ein dag: Vil du berre vera med ein konferansedag, kostar det 300 kroner for sjølve konferansen anten du er student eller ikkje.
  • Pris for festmiddag: Laurdag 6. april avsluttar me konferansedagen med festmiddag på hotellet. Den kostar 600 kroner