Gå tilbake til:
Du er her:

Korleis miljøvurdere byggemateriale

Korleis vurdere ulike byggemateriale opp mot kvarandre? Etter kvart som klimafokuset i byggenæringa blir sterkare og nye bygg blir meir energieffektive, blir det meir fokus på klimagassutslepp knytt til materialane og til konstruksjonsfasen.

Bærekraftig frokost er et samarbeid mellom Bergen Arkitekthøgskole, Høgskolen i Bergen, Husbanken, Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.

Tid: onsdag 9. mars klokka 08.00-10.00
Stad: Kantina, Bergen Rådhus

Møte er gratis og ope for alle.

Programmet startar kl. 08.15

Påmelding: møtet har vore.

---------------------------------

Program

08.00 Frukost

8.15 Velkomen v/ Sølve Sondbø, Hordaland fylkeskommune

8.20 Klimafotavtrykk frå byggematerialer v/Christian Solli, Seniorrådgjevar, AsplanViak AS Energi og Miljø i Trondheim

9.00 Pause

9.15 Klimapåverknad frå biobaserte material v/Christian Solli,

9.45 Spørsmål/Diskusjon

På dette frukostmøtet diskuterete Christian Solli frå konsulentselskapet Asplan Viak ulike føresetnader og metodikk som ligg til grunn for miljøvurdering av byggemateriale.

Hovudfokuset var utrekning av klimabelasting frå materiala. Føresetnader som vart gjennomgått er mellom andre klimaeffekt frå bruk av biologiske materiale, tidspunkt for utslepp. Han gjekk også gjennom utrekning av marknadsvurderingar og klimaeffekt frå resirkulering m.m.

Ulike typar konstruktiv bæring vart samanlikna og nokre generelle konklusjonar vart trekte.

Foredraget var i stor grad basert på ein studie utført i samarbeid med Stiftelsen Miljømerking, finansiert av Husbanken.