Gå tilbake til:
Du er her:
Kompani-Covid

Kompani-Covid – informasjon til fastlegane

Kompani-Covid er eit tverrfagleg behandlings- og meistringstilbod for personar som slit med seinfølgjer av Covid-19.

Kompani-Covid er eit tverrfagleg behandlings- og meistringstilbod for personar som slit med seinfølgjer av Covid-19. Tilbodet hadde oppstart i mars 2021 og per dags dato har nærmare 70 personar blitt tilvist og 38 personar har deltatt i Kompani-Covid. Tilbodet føregår i Habiliterings- og rehabiliteringstjenesten i Fyllingsdalen og Laksevåg, men er eit byomfattande tilbod for innbyggjarane i Bergen kommune.

Bakgrunn og hensikt: 

Undervegs i den pågåande koronapandemien har fleire tusen personar i Bergen kommune fått påvist Covid-19. Eksakt prosentdel er framleis usikkert, men nokon av desse får seinfølgjer i etterkant av smitte. Typiske seinfølgjer kan vere: utmatting, nedsett kognitiv funksjon og tungpust. Andre opplevde seinfølgjer er; følelsesmessige problem, hovudpine, brystsmerter («trykk i brystet»), søvnproblem, nedsett smak- og luktesans, svimmelheit, muskelsmerter, kløe på kroppen og lydsensitivitet. Omtrent 85% av dei som har blitt tilvist til Kompani-Covid er sjukemeldt i mindre eller større grad. Omtrent 80% av dei tilviste har hatt mildt/moderat sjukdomsforløp. Desse har sjeldan funn på medisinske undersøkingar, men felles for alle tilviste er at dei ikkje meistrar kvardagen og har behov for rehabilitering.

Framgangsmåte: 

Kompani-Covid er eit gruppebasert tilbod som føregår over åtte veker. Før oppstart får alle potensielle deltakarar ein tverrfagleg kartlegging med fysioterapeut og ergoterapeut. Vi har også kommunikasjon med fastlege via elektronisk melding. Vekene i Kompani-Covid består av samtalegrupper og undervisning, trening av mobilitet, styrketrening, uthaldstrening, pusteteknikk og avspenning. Vi har også samarbeid med sosionom. Etter endt gruppe blir det gjennomført re-testing like etterpå, etter fire månader og etter 12 månader.

Resultat: 

Foreløpig har vi re-testa to grupper. Samla sett ser vi at brukarane har hatt god framgang i samtlege testar og rapporterar auka likvskvalitet og meistringsevne, samt nytteverdi av tilbodet. Mange har dog ikkje kome heilt tilbake til tidlegare kvardagsliv, men er eit godt stykke på veg. Gruppa Kompani-Covid vil fortsette så lenge det er behov for det og tilbodet vil bli evaluert fortløpande.

 

Kompani-Covid, utvikla av Mariell Solberg Medås og Oda Mølmesdal Flaten, Bergen kommune