Gå tilbake til:
Du er her:
En kollasj med tre bilder: 1) en mann med briller leker med figurer (laget med 3D-printer) i et verkstedlokale, 2) en gammel dampbåt fylt med mennesker på fjorden en solskinnsdag, 2) en gruppe vårkledde mennesker står i solskinnet og følger med på en mann som spiller gitar utenfor en fargerik bygning merket "Ådnahall"
Bilde: Goran Rokolj, Kolbjørn Valestrand, og Arna og Åsane kulturkontor

Frå arkiv: Sjå programmet for Kulturdagar i Arna 29. april-8. mai

No er det tid for dei årlege kulturdagane i Arna. Programmet er breidt og passar for både små og store. Les meir og last ned programmet her.

Etter fleire år med mange avlysingar og eksperimentelle digitale arrangement, er kultur- og organisasjonslivet i Arna no klare for meir tradisjonelle kulturdagar. No kan folk endeleg møtast igjen rundt felles mål og interesser, og dele meiningar, historier og opplevingar. 

Programmet spenner breidt - vil du spele inn ein låt i studio, strikke, tatovere på ein banan, reparere noko, danse, gå på utstilling, reise med dampbåt eller gamalt tog, eller kome ut og oppleve ein konsert saman med andre? Moglegheitene er mange.

Sjå programmet

Kulturdagar i Arna si Facebook-side gir deg ei oppdatert oversikt over alle aktivitetane og arrangementa.  

Programbrosjyren kan du laste ned her:   

Det kan kome endringar i programmet. Følg gjerne med på Facebook-sida

Offisiell opning og kulturprisutdeling 29. april

Det offisielle opningsarrangementet markerer samstundes Dansens Dag. Det blir show og dans ved dansegruppa Little Feet og andre danseentusiastar. Byråd for kultur, mangfold og likestilling Katrine Nødtvedt føretek opninga og deler også ut Kulturprisen for Arna. 

  • Fredag 29. april kl. 18.00, Ådnahall kulturverksted, Lakslia 10, Indre Arna
  • Gratis inngang, enkel servering.

Om Kulturdagar i Arna

Kulturdagar i Arna er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom kommunen og kultur- og organisasjonslivet i Arna. Arna og Åsane kulturkontor fungerer som koordinator og tilretteleggjar, medan lag, organisasjonar og andre kulturaktørar står ansvarlege for dei ulike arrangementa.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor eller via Kulturdagar i Arna si Facebook-side.

Meir info om ulike kulturdagar i Bergen finn du her.