Gå tilbake til:
Du er her:

Kulturminneløype for Ytre Arna

Ytre Arna har fått sin egen kulturminneløype på både tavle og i brosjyreformat. Her er historisk viktige bygg og anlegg samla i ein oversikt.

Du kan laste den ned under bildene til høyre -->

Bergen kommune si områdesatsing i Ytre Arna og Ytre Arna museum har samarbeida om å utvikle ei samla oversikt over dei historisk sett viktigaste stadane i sentrumsområdet. Også andre lokale frivillige og Byantikvaren har bidrege med viktig informasjon og innspel.

Dette kartet gir eit innblikk i oppbygginga av og livet i den første store industristaden på Vestlandet. Ved hjelp av oversikta kan du både orientere deg om staden, og du kan gå rundt og aktivt finne dei ulike kulturminna som staden er full av.

Skattkiste

Ytre Arna er ei skattkiste av både små, lokale historier og hendingar av nasjonal betydning. Målet har vore å få fram begge delar, samstundes som kartet skal gi ei praktisk retningsorientering for besøkande.

Bildet som er brukt er eit flyfoto frå 1967. Dette var valt fordi det på den eine sida gir eit visst historisk preg med sine retrofargar, mens det på den andre sida liknar mykje på den staden som finst i dag. Mellom anna var Arnegården - den siste store utbygginga under industritida - ferdig på dette tidspunktet.

To utgåver

Kulturminneløypa finst i to ulike utgåver. Den eine er trykt opp på skilt som heng på utsida av Kulturhuset Sentrum. Denne inneheld 17 ulike punkt med kort omtale av dei ulike kulturminna. Den andre er ei utvida utgåve som er trykt opp i brosjyreformat. Denne inneheld 34 punkt, og har dessutan også ei eiga side med eit knippe historiske bilde og utfyllande informasjon. Denne brosjyra kan også lastast ned på nett, mellom anna ved å trykke på lenka til høgre.

Så les deg opp på den spennande historien til Ytre Arna og ta turen rundt for å sjå nærmare på dei ulike punkta i området. Besøk det artige vasstårnet på Sætrefjellet, det gamle tuberkulosesjukehuset ved småbåthamna og dei ulike delane av det store Arna Industrihus, som er ei vandring i ei rekke arkitektoniske stilartar.

Skiltprosjekt

I tillegg til dette, arbeidar Ytre Arna Museum med å plassere ut informasjonsskilt som skal plasserast på ei rekke ulike bygg. Desse skilta vil innehalde utfyllande informasjon og små historier knytt til bygga. Dette er venta å bli ferdig i løpet av våren 2016. I brosjyren er det markert kva stader det er planlagt slike lokalhistoriske skilt.


Samarbeidspartnarar: Områdesatsing Ytre Arna - Ytre Arna Museum - Byantikvaren - Byarkivet, Torgeir Rinke Bangstad og Cecilie Bundgaard Torgersen som spesielt har bidrege med hjelp til bildeutval - Reklamekollektivet - Fleire lokale frivillige som har bidrege med informasjon

Finansiering: Områdesatsing Ytre Arna / Husbanken