Gå tilbake til:
Du er her:
Pressemelding

Nr. 100/21
Bergen, 22. september 2021

– Budsjettforslaget byrådet i dag legg fram skal sikre økonomisk handlefridom og samstundes gjere byen grønare og meir rettferdig, seier finansbyråd Erlend Horn.

Byrådet har i dag lagt fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan 2022-2025 og budsjett for 2022. Driftsbudsjettet i 2022 er på 23,7 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det foreslått å investere for 11,7 milliardar kroner. 

Gode teikn og ventande utfordringar 

– Vi ser teikn til at pandemien er på hell, arbeidsløysa går ned og den økonomiske aktiviteten i Bergen er på veg opp. Samstundes er det utfordringar framfor oss som vil krevje hard prioritering og ansvarleg styring i åra som kjem, seier finansbyråd Erlend Horn. 

Byrådet foreslår i budsjettet å effektivisere tenestene for 81,6 millionar kroner i 2022. På slutten av økonomiplanperioden er dette talet auka til 170,6 millionar kroner. Effektiviseringa skal skje gjennom å gjere tenestene betre og ta i bruk digitale og innovative løysingar. Budsjettet på ein del område, som barnehagar, er foreslått trekt ned i tråd med den demografiske utviklinga. I 2022 er det foreslått kutt i tiltak på 51 millionar kroner. 

– Bergensarane er i ferd med å bli eldre og barnetala blir mindre. Staten føreset at kommunane klarer å justere ned utgiftene til barnehage og skule for å kunne finansiere auka utgifter til dei eldre. Vi må sikre oss at kommunen har eit handlingsrom for å ta hand om desse endringane og tilpassar budsjettet deretter, seier Horn. 

Nye tiltak for 291 millionar kroner 

Innretninga på eigedomsskatten er uendra i byrådets forslag. Byrådet har også lagt inn 291 millionar kroner i forslag til nye tiltak i driftsbudsjettet. 

– Budsjettframlegget er ikkje romsleg i tal, men vi prioriterer gode oppvekstvilkår for barn og unge, klima og miljø, helsetenester og trygg digitalisering, seier Horn. 

Her er nokre av dei nye tiltaka i budsjettframlegget: 

  • Som eit første steg på vegen mot full dekning, foreslår byrådet å innføre gratis halvdagsplass i SFO for førsteklassingane ved 20 skular i Bergen på permanent basis frå januar 2022.
  • Byrådet utvidar varig tilbodet i Rask psykisk helsehjelp til Arna bydel og senkar aldersgrensa frå 18 til 16 år.
  • Byrådet set av midlar til å prosjektere ny idrettshall i Laksevåg. Prosjektet skal òg innehalde nytt 25 meters symjebasseng og opplæringsbasseng.
  • Byrådet foreslår å styrkje naturforvaltninga i kommunen med 6,5 millionar kronar i varige midlar. Dette skal gjere kommunen betre i stand til å ta vare på naturen mellom anna i pressområde.
  • For å få ned bilbruken i Bergen kommunen foreslår byrådet ei moderat avgift for å parkere bilar på parkeringsplassar ved kommunens eigne bygg. Avgifta vil gjelde både tilsette og gjestar.
  • I investeringsprogrammet er det foreslått å løyve 121,4 millionar kroner til å gjennomføre tiltak for dei syklande på det kommunale vegnettet.
  • I investeringsprogrammet er det sett av 18 millionar kroner til å gjennomføre bilfri bydel i Bøhmergaten/Løvstakken og 45 millionar kronar til eit tilsvarande prosjekt på Nedre Nygård og Nygårdshøyden.
  • Ei ny foreslått tilskotsordning på tre millionar kroner skal utvikle næringslivet i grøn og berekraftig retning.
  • Av omsyn til velferda for dyra foreslår byrådet å løyve ein million kroner som skal gå til å kjøpe inn meir dyrevenlege matvarer i tenestene.
  • Byrådet foreslår å løyve ti millionar kroner for å styrkje arbeidet med personvern og informasjonstryggleik. Satsinga skal redusere risiko og gjere kommunen mindre sårbar i den digitale omdanninga av tenestene.
  • 1. september 2021 var det 391 ledige plassar på listene til fastlegane i Bergen. Byrådet foreslår å styrke tiltakspakka som skal gje fleire fastlegar med ti millionar kroner.

– Eg meiner budsjettet sikrar bergensarane gode tenester og utviklar byen i rett retning. Samstundes legg vi framleis opp til ei trygg styring av økonomien. Måla om å halde netto driftsresultat på eit ansvarleg nivå, framleis ha nok pengar på bok, halde gjeldsgraden nede og kunne ta vare på eigedomane våre står fast i forslaget til handlings- og økonomiplan, seier finansbyråd Erlend Horn. 

 

Per-Arne Larsen, politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn på tlf. 996 42 262