Nytt svømmeanlegg på Ortun skole.
Det nye svømmeanlegget på Ortun skole sett frå parken rundt Ortuvatnet.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Byggeprosjekt Ortun svømmehall

Ortun skole har fått eit nytt svømmeanlegg med opplærings- og treningsbasseng. Delar av taket frå den gamle svømmehallen er blitt til møblar i den nye hallen.

Status: Ferdig

Prosjektskildring

Utsikt fra treningsbassenget
UTSYN: Slik ser utsikta ut frå treningsbassenget.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Det opphavlege svømmeanlegget på Ortun skole vart bygd i 1970. Anlegget hadde eit omfattande behov for oppgradering. Den valde løysinga blei å rive det gamle og bygge nytt. Svømmehallen har no fått to basseng med botnar som kan hevast og senkast. Som ein del av prosjektet har også uteområda og tilkomstvegen fått eit løft.

Treningsbassenget i Ortun svømmehall
TRENING: Treningsbassenget er 25 meter langt. Botnen kan hevast og senkast. Her er botnen heva maksimalt.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Treningsbassenget har dimensjonen 25 x 12,5 meter. Opplærings- og terapibassenget har dimensjonen 16,75 x 10,6 meter. Bassenga har ei vassdjupn på to meter. Opplæringsbassenget er lagt til rette for funksjonsnedsette personar og babysvømming. Opplæringsbassenget har tilkomst via ei justerbar rampe. Treningsbassenget har flyttbar badeheis.

Opplæringsbassenget på Ortun
OPPLÆRING: Opplærings- og terapibassenget vil ha temperatur på opp til 34 gradar. Bassenget har eiga rampe for å lette tilgangen for personar med nedsett funksjonsevne.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Mellom dei to bassenga er det ei mellomsone. Badeanlegget har to sett med garderobar. I tillegg har bygget vestibyle, vaktrom, møterom, badstover, lagerrom, personalsone og teknisk rom for drift av bygget.

Svømmehallen skal nyttast av skulane i bydelen og svømmeklubbane. I tillegg blir hallen open for publikum fleire dagar i veka.

Berebjelkane i den gamle svømmehallen
GAMLEHALLEN: Berebjelkane frå den gamle svømmehallen har fått nytt liv...
Bilde: undefined
Gjenbruk av takbjelkar
NYEHALLEN: Dragarane frå gamlehallen er brukte på ny i det nye badeanlegget som møblar.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Sjå heile bygginga av svømmeanlegget i løpet av to minutt og 56 sekund:

Fakta

  • Adresse: Torgny Segerstedsvei 14
  • Bruttoareal: 3727m²
  • Ferdigstillelse: august 2022
  • Prosjekteringsgruppe: Norconsult as
  • Entrepriseform: Totalentreprise
  • Kostnadsprognose: 255,3 mill. kr
  • Totalentreprenør: Brødrene Ulveseth as
  • Byggherreombud: Asplan Viak 

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Ivar Alvær