Gå tilbake til:
Du er her:
Bergen rådhus
KLAR TIL INNFLYTTING: Rådhuset er klart til innflytting. 1. juli kjem tilsette og folkevalde til heilt nyoppussa lokale.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Flyttar inn i rådhuset 1. juli

Etter å ha vore fråflytta i 1386 dagar blir eit nyrehabilitert Bergen Rådhus tatt i bruk av tilsette og folkevalde 1. juli.

Det blir den andre store innflyttinga i bygget som første gongen blei tatt i bruk 18. mars 1974. Rådhuset har vore gjennom ei omfattande rehabilitering, både ute og inne, sidan bygget brått måtte tømmast for folk 13. september 2018. Årsaka til det var at korrosjonen (rust) i armeringa i søylene gjorde at ekspertar meinte bygget ikkje stetta krava til tryggleik sett i forskrifta.

Sidan den gongen har den sentrale kommuneadministrasjonen i Bergen hatt eit omflakkande tilvære i mellombelse lokale og heimekontor.

Rom til fleire enn tidlegare

Dei som skal halde til i rådhuset er alle byrådsavdelingane og Bystyrets kontor med byombod og sekretariat for kontrollutvalet. Medan rådhuset anno 1974 hadde cellekontor, er rådhuset anno 2022 tilpassa eit aktivitetsbasert arbeidsplasskonsept: Alle fasilitetane i bygget skal delast mellom avdelingane. Kontorarbeidsplassane er opne, men det er også stille arbeidssonar, somme einekontor og fleire multirom med høve for videomøte og anna, møterom og prosjektrom i kvar kontorhøgd.

Møterommet Garnes
MØTESENTER: I 2. etasje er det eit stort møtesenter. Romma har namn etter poststader i Bergen. Her er me i "Garnes".
Bilde: Ola Henning Målsnes

Det er også kome på plass eit møtesenter i 2. etasje. Her er det 19 møterom av varierande storleik og utforming. Dette er staden dei fleste gjestane vil sjå når dei kjem inn i bygget. 

Møteromma har fått namn etter gamle og eksisterande poststadar i Bergen fordelt proporsjonalt etter innbyggjartala i bydelane. I det største møterommet vil det vere møte i utvala til bystyret mellom anna. Øvst i 14. etasje er det også store møterom. Byrådet er mellom dei som vil halde møta sine her.

Open arbeidssone
OPNE LØYSINGAR: Ingen har eige fast kontor med dør og alt skal delast. Dette biletet er frå ei open arbeidssone.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Fleire enn tidlegare vil no få plass i rådhuset. Endringane i kontorløysinga gjer at det er plass til 150 fleire tilsette. Det gjer at seksjonar, som tidlegare har hatt tilhald andre stader i sentrum, no kan vere på same stad som resten av byrådsavdelinga.

Møterommet Rådstuen
RÅDSTUEN: I 14. etasje er møterommet "Rådstuen". Her vil mellom anna byrådet ha møta sine.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Dette er gjort på utsida

Fasaden var ferdig 3. juni 2021. Dei nye søylene ser lysare ut enn tidlegare. Forklaringa er at steinkorna har er mindre enn steinen som var brukt i naturbetongen. Fargeforskjellen blir jamna ut over tid. Søylene er forsterka. Hausten 2018 blei det avdekt at det berre var om lag halvparten så mykje armeringsjern i søylene enn det som var føresett i byggeteikningane.

Søylene i rådhuset
NYE SØYLER: Kring 4.000 rustfrie bøylar er bora inn rundt hovudarmeringa i søylene for å forsterke dei.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Det er bora inn om lag 4.000 rustfrie bøylar rundt hovudarmeringa. Dei nedste etasjane har fått montert ekstra stålsøyler på innsida. Straum tilført  eit nett av titantrådar i pussen skal hindre framtidig rust.

Sidan bygget, som i si tid vart teikna av Erling Viksjø, er rekna som verneverdig er alt arbeidet gjort i samarbeid med antikvariske styremakter. Same type elvestein som i 1974 er mellom anna nytta i utbetringa.

Inngangspartiet til rådhuset
OPNAR DØRENE: Etter 1386 dagar kan endeleg rådhuset i Bergen opne dørene att.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Hovudinngangen er flytta til enden av bygget mot Kaigaten. Den tidlegare vindtunnelen under bygget er bygd inn.

Dette er gjort på innsida

Stoler og bord i en sosial sone
MØTEPLASSAR: Rundt omkring i huset er det sosiale møteplassar.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Rådhuset er til å kjenne att på utsida, men det er gjort store forandringar på innsida. Innvendig har bygget blitt ribba inn til beinet for å så bli bygd opp att etasje for etasje. Den gamle postheisen er òg borte. Veggane i naturbetong er tatt vare på og reparerte.

Betongvegg med messingur
STEIN OG MESSING: Naturbetongen til Viksjø og bruken av messing, som i denne veggklokka, er vidareført i rådhuset.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Før arbeida tok til hadde bygget store veikskapar målt opp mot dagens standard. Dette gjaldt både energibruk, universell utforming, branntryggleik, arbeidsmiljø og teknisk anlegg.

Innhaldet i interiørkonseptet ber preg av respekt for dei løysingane som arkitekten sjølv, Erling Viksjø, i si tid valde og utarbeidde. I det nye rådhuset vil du finne naturbetong av elvestein frå Modalen som no. Designelement i metall vil fortelje deg kor du er i huset og kor du skal gå. Eikedørene er der òg. Det er også utvikla eit fargekart som er inspirert av kva fargar som blei brukte på 60- og 70-talet.

Klima og miljø

Rådhusplassen med kunst og solstoler
KUNST I SOL: På "rådhusplassen" kan du sole deg eller sjå på kunstverket "Folkevalgte" som er laga av Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Miljørekneskapen er positiv for prosjektet. Hovudårsaka til det er at det opphavlege bygget er tatt vare. Det har gitt eit redusert klimagassutslepp på om lag 70 prosent samanlikna med eit nybygg. Ein god del av kontormøblane og skjermar er også gjenbrukte. Kommunen har ein gjenbrukssentral som har gitt slitte stolar eit nytt løft.

Nokre nøkkeltal

  • Den innvendige oppgraderinga har ein prognose på 542 millionar kroner og den utvendige oppgraderinga har ein kostnad med prognose på 168,7 millionar kroner.
  • Bergen rådhus har eit bruttoareal på 11.434 m2.
  • 300 tilsette flytta ut av det “gamle” rådhuset, mens 470 tilsette flyttar inn.
  • I snitt er det 43 tilsette som har heimesone i kvar av dei 11 kontoretasjane.
  • Det er 36 vanlege arbeidsplassar i kvar etasje, men det er plass til fleire om ein tar med møterom og liknande.
  • I rådhuset er det 1.474 stolar.
  • I snitt er det 3,14 (sic!) stolar for kvar tilsett.