Gå tilbake til:
Du er her:

Feltet har desse ordningane:

  1. Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg
  2. Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg
  3. Tilskot til folkeverkstader/makerspaces

Informasjon om den nasjonale spelemiddelordninga til lokale kulturbygg finn du her: www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/

Slik søker du

Du søker via Bergen kommunes tilskuddsportal. Her finn du også retningsliner for den enkelte ordninga. 

I tillegg til dei kommunale ordningane kjem den nasjonale spelemiddelordninga til lokale kulturbygg. Spelemiddelordninga til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Her kan du kan lese meir om ordninga og korleis søknadsprosessen skjer. Ordninga er forvalta av Vestland fylkeskommune. Søknad skal sendast inn elektronisk på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/, via kommunen der kulturbygget ligg, for fagleg vurdering og prioritering. 

Søknadsfristar

1. april

  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg
  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg
  • Tilskot til folkeverkstader/makerspace
  • Spelemidlar til lokale kulturbygg

Lover og retningsliner

Reglane for saksbehandling i forvaltningslova ligg til grunn. I tillegg har Bergen bystyre vedteke ytterlegare saksbehandlingsreglar og reglar om meiroffentlegheit. Alle søknader er offentlege så lenge det ikkje er gjort særlege unntak.

Søknadene blir behandla i samsvar med gjeldande kulturpolitikk for Bergen kommune. 

Handsaming av personopplysningar

Bergen kommune har som mål at tryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Søk via tilskotsportalen til Bergen kommune