Gå tilbake til:
Du er her:

Gjelder ordningene Spelemidlar til lokale kulturbygg, tilskot til folkeverkstader/makerspaces og tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg og ikkje-kommunale museumsbygg.

Slik søker du

Du søker via Bergen kommunes tilskuddsportal. Her finn du også retningslinjer for den enkelte ordning. Skjema er tilgjengelege i portalen seinast fire veker før søknadsfrist.

For spelemiddelordninga går Søknadene går via kommunen til fylkeskommunen. Bruk søknadsskjema på anleggsregisteret.no

Søknadsfristar

15. februar

  • Spelemidlar til lokale kulturbygg: offentlege instansar, frivillige organisasjonar og institusjonar kan søke.

20. mars

  • Tilskot til folkeverkstader/makerspace: ordninga har som mål å samle eit nettverk av kreative personar, organisasjonar, bedrifter og liknande i sterke fellesskap. Initiativet skal komme frå frivillige organisasjonar eller grupper.
     
  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg: driftarar av ikkje-kommunale kulturhus kan søke, men frivillige organisasjonar utan stor grad av offentlege tilskot vil bli prioriterte.     

1. april

  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg: konsoliderte museum som driftar ikkje-kommunale museumsbygg kan søke.

Lover og retningslinjer

Reglane for saksbehandling i forvaltningslova ligg til grunn. I tillegg har Bergen bystyre vedteke ytterlegare saksbehandlingsreglar og reglar om meiroffentlegheit. Alle søknader er offentlege så lenge det ikkje er gjort særlege unntak.

Søknadene blir behandla i forhold til gjeldande kulturpolitikk for Bergen kommune. 

Handsaming av personopplysningar

Bergen kommune har som mål at tryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Søk via tilskotsportalen til Bergen kommune