Gå tilbake til:
Du er her:

Feltet har fire tilskotsordningar:

  1.  Tilskot til museumsutviklingsprosjekt
  2. Tilskot til museum, historie og kystkultur - profesjonelle og amatørar
  3. Tilskot til auka marknadsføring av museum
  4. Tilskot til sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy

Slik søker du

Du søker via Bergen kommunes tilskuddsportal. Her finn du også retningsliner for den enkelte ordninga. 

Søknadsfristar

1. april og 1. september

For to av ordningane er det to årlege søknadsfristar - 1. april og 1. september. Dette gjeld for Tilskot til museumsutviklingsprosjekt og Tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør.

1. april

For ordninga Tilskot til sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy er søknadsfristen 1. april. Midlane er lyste ut under føresetnad av at Riksantikvaren tildeler Bergen kommune midlar over ordninga Fartøyvern - tilskot frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 74, SAVOS-ordninga. 

1. juni

Frå 2020 er det oppretta ei ny ordning: Tilskot til auka marknadsføring av museum. Framover vil også denne ordninga få søknadsfrist 1. april. 

 

 

Lover og retningsliner

Reglane for saksbehandling i forvaltningslova ligg til grunn. I tillegg har Bergen bystyre vedteke ytterlegare saksbehandlingsreglar og reglar om meiroffentlegheit. Alle søknader er offentlege så lenge det ikkje er gjort særlege unntak.

Søknadene blir behandla i samsvar med gjeldande kulturpolitikk for Bergen kommune. 

Handsaming av personopplysningar

Bergen kommune har som mål at tryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Søk via tilskotsportalen til Bergen kommune