Gå tilbake til:
Du er her:
Feltet har tre tilskotsordningar: 1) tilskot til museumsutviklingsprosjekt, 2) tilskot til museum, historie og kystkultur - profesjonelle og amatørar , og 3) tilskot til sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy.

Slik søker du

Du søker via Bergen kommunes tilskuddsportal. Her finn du også retningsliner for den enkelte ordninga. 

Søknadsfristar

1. april og 1. september

For to av ordningane er det to årlege søknadsfristar - 1. april og 1. september. Dette gjeld for tilskot til museumsutviklingsprosjekt og tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør.

Desse kan søke på ordninga tilskot til museumsutviklingsprosjekt: konsoliderte museum, større prosjekt frå frivillig sektor og felles prosjekt innan feltet. På tilskotsordninga til museum, historie og kystkultur – prof. og amatør kan enkeltpersonar, institusjonar og organisasjonar søke.

For ordninga tilskot til sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy er søknadsfristen 1. april. Midlane er lyste ut under føresetnad av at Riksantikvaren tildeler Bergen kommune midlar over ordninga Fartøyvern - tilskot frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 74, SAVOS-ordninga. Eigarar av freda eller verna fartøykan søke.

Lover og retningsliner

Reglane for saksbehandling i forvaltningslova ligg til grunn. I tillegg har Bergen bystyre vedteke ytterlegare saksbehandlingsreglar og reglar om meiroffentlegheit. Alle søknader er offentlege så lenge det ikkje er gjort særlege unntak.

Søknadene blir behandla i samsvar med gjeldande kulturpolitikk for Bergen kommune. 

Handsaming av personopplysningar

Bergen kommune har som mål at tryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Søk via tilskotsportalen til Bergen kommune