Gå tilbake til:
Du er her:
Luftegard for hest er søknadspliktig i LNF-områda (Foto: Gerd Lithun)

I landbruks-, natur - og friluftsområda (LNF) gjeld det andre reglar enn på areal som i kommuneplanen sin arealdel er vist med føremål "bebyggelse og anlegg". Spør kommunen om tiltaket er søknadspliktig før du går i gang.

I tråd med LNF-føremålet?

For kunne byggje noko på ein landbrukseigedom, må tiltaket vere knytt til produksjonen på garden, eller garden sin trong for varer og tenester. Kommunal -  og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet lanserte i september 2017 ein ny rettleiar for byggje- og anleggstiltak i landbruket. Sjå vedlegget "Garden som ressurs".

Er du i tvil om tiltaket du ynskjer å gjennomføre på eigedomen din er søknadspliktig etter plan- og bygningslova eller anna regelverk? Spør kommunen før du går i gang. Både Etat for landbruk og Plan- og bygningsetaten kan gi rettleiing.