Gå tilbake til:
Du er her:

Slik var kommunen i 2018

Bergen kommune si digitale årsmelding for 2018 er no klar. Her kan du klikke deg gjennom tekst, bilete og tal for å lese historia om korleis kommunen var i 2018.

Heildigital årsmelding

Årsmeldinga til kommunen er i hovudsak eit digitalt dokument som blir produsert ved hjelp av løysinga til Framsikt.

Meldinga for 2018 er den andre som kjem i eit digitalt og til dels interaktivt format. Og du kan lese ho anten du gjer det framfor pc’en eller mobilen eller noko anna som viser innhald frå internett.

Årsmeldinga er óg årsrekneskap. Kommunen opererer med ein rekneskap for drifta og ein for investeringar.

Teneste for teneste

Elles er årsmeldinga bygd opp rundt alle tenesteområda som kommunen har. I tillegg kan du lese korleis det står til med likestillinga i kommunen, kor friske dei tilsette i kommunen er og korleis vi jobbar med å ta vare på klima og miljø.

Årsmeldinga og årsrekneskapen skal endeleg godkjennast av Bergen bystyre. Du kan lese saksframlegget med ei utskrift av innhaldet i den digitale årsmeldinga på lenka nedanfor.