Gå tilbake til:
Du er her:

Foredrag: Hus- og familiehistorie for det gamle Bergen?

Har det noko meining å granska og skriva historia for kvart hus og kvar husstand, kvar familie i Bergen sentrum? Egil Nysæter frå Hordaland Fylkesarkiv ga nokre svar i eit innlegg på Arkivdagen 2008.

Me skal ut i gatene, inn i smaua og tilbake til fortida. Det kan passa først å sitera forfattaren Tomas Espedal:

”Hvorfor ikke begynne med en gate. Gaten og strekningen jeg gikk frem og tilbake nesten hver dag i mer enn to år. Bjørnsonsgaten, trafikkert og skitten, arbeiderboliger i rekker på hver side av skyggen som ligner en vei, en innfartsåre, blodfattig og kald, et smalt fortau, forbi fabrikkområdene, bensinstasjonen, ned mot Danmarksplass, byens mørkeste lyskryss.”

Men dette er då i gamle Årstad. Ja, men hovudpersonen i ”Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv”, går vidare mot Nygårdshøyden og sentrum. Dit skal me også. Innom Klingesmauet, om litt.

Mange slags lokalhistorie
Lokalhistorie er så mangt, med mange sjangrar. Flaggskipa, dei store verka, er gjerne bygdesoge eller byhistorie. Enten samla framstillingar for heile lokalsamfunnet, periode for periode – kronologisk, men ikkje år for år – eller etter emne. Eller framstillingar av dei minste einingane: grendene, matrikkelgardane, bruka og bustadhusa saman med opplysningar om dei personane som har halde til der.

Den tradisjonelle merkelappen på denne typen mikrohistorie, er gards- og ættesoge som mange i dag heller vil kalla busetnadssoge, eller hus- og familiehistorie som eg har brukt som tittel på dette innlegget.

Bergensk lokalhistorie
Bergen, som den eldste storbyen i landet, har naturleg nok ei rik lokalhistorie. Det gjeld både sjølve den historiske utviklinga, og den store litteraturen om denne historia. Det er nok å opna Johanne Martens sin bibliografi med titlar på meir enn 10 000 bøker og artiklar. Og den rekk berre fram til og med 1973.

Talet er no kanskje dobbelt så stort. Eit søk i Bibsys gir 4000 treff på Bergen i tittel. I tillegg finst det ein bibliografi for Sandviken (av Lise Haaland), Arna (Johan Nepstad, Leiv Mjeldheim) og Fana (Liv Bakka).

Martens sin bibliografi omfattar heile det nye Bergen etter 1972. Men som me veit har ikkje Bergen alltid vore Bergen. Først i 1877 vart dei to landsoknene, grovt sett Sandviken på den eine sida (Korskirkens landsokn) og Møhlenpris, Nygård, Lungegården (Domkirkens landsokn) på den andre sida, innlemma i Bergen. Det same skjedde med Årstad kommune i 1915, Gyldenpris og Karensfryd i 1922, Fyllingsdalen i 1955, og så frå 1972 dei gamle omegnskommunane Arna, Fana, Laksevåg og Åsane.

Stykkevis og delt
For heile dette området er det så skrive historie stykkevis og delt. By- og bygdehistorie er skrive for dei ulike delane av heile Stor-Bergen (ja, det heitte dét uoffisielt ei tid etter 1972) fram til 1972. Det er trong for ei samla framstilling, i alle fall frå 1972 til i dag. Men det er ikkje mitt tema i dag.

Busetnadshistorie (gards- og ættesoge) er skrive på litt ulikt nivå for storparten av dei gamle landkommunane. Arna fekk sine ættebøker då bydelen var ein del av Haus kommune og eigen kommune, men har ikkje noko gardshistorie.

Fana har fått både gard- og ætt, men slektsdelen er stort sett avgrensa til bondesamfunnet.

Laksevåg har ein del gardshistorisk stoff i bygdesoga, men manglar elles både gard og ætt med unntak av eit par eldre bøker for Loddefjord med vekt på slektsstoffet.

Åsane fekk i fjor ei ny og moderne busetnadshistorie, gardssoge om ein vil, frå dei eldste tider til i dag. Og første bandet av i alt fire slektsband frå bydelen kom i forrige månad. Framstillinga går ”berre” fram til 1960 då det budde vel 10 000 i Åsane.

For gamle Årstad kom det ei bygdehistorie alt i 1922, sterkt forelda sjølvsagt, og denne veka kom det det ei bok om Våkendalen som vart fråflytta då Svartediket vart vasskjelde.

Mot, vilje og ressursar?
For det gamle Bergen før 1915, dvs. det ein kan kalla Bergen sentrum med Sandviken, er det skrive mykje både om hus og slekt, men det finst ingen framstillingar som systematisk fortel om kvart hus og kvar familie frå dei eldste tider og framover. Mitt spørsmål og perspektiv er, om det let seg gjera, og om det finst mot og vilje, og ressursar til å ta fat på eit slikt prosjekt.

Det finst som sagt strøkshistorier, gatehistorier som på meir overordna og mindre detaljert nivå tar for seg delar av gamle Bergen. Ein vil finna mykje i jubileumsbøker for buekorpsa og i artiklar om enkelte gater. Til dømes har Jo Gjerstad i sine mange små bøker mengder av stoff, byhistorikaren Egil Ertresvåg har i Bergens historiske forenings skrifter skrive om Krohnengen, Christopher Harris om Sandviken, som det også er kome eit heilt hefte om.

Det gamle Bergen: folketal og hus
Det gamle Bergen hadde i 1801 18000 innbyggjarar, i 1855: nær 26000, i 1900 72000, 1950: 97000. Men i 2001 budde det i bydelen Bergenhus, som også omfattar ein del av tidlegare Årstad, berre 32000 menneske. I 1801 var det 2250 hus, men kanskje dobbelt så mange husstandar. I 1900 var det 4700 hus, vel dobbelt så mange som hundre år før, men altså fire gonger så mange personar. Dette var hus det budde folk i. I tillegg kom næringsbygg. Går me heilt fram vår tid var det i 2001 om lag like mange hus som hundre år før, men i tillegg 11 000 blokkleilegheiter e.l. i Bergenhus bydel.

Den unike gards- og ættehistoria: for bygdene, men for byar?
Den norske gards- og ættehistoria skal vera unik i verdssamanheng. Ein viktig grunn til dette er at busetnadsstrukturen med matrikkelgarden med eitt eller fleire gardsbruk som eining, har vore svært stabil gjennom tidene, og opplysningar let seg henta ut frå eit relativt rikt kjeldemateriale i dei offentlege arkiva frå 1600-talet til i dag. Heile landet er delt inn i gards- og bruksnr. Ja, også byane, og dermed Bergen, har no same systemet etter delingslova av 1978, i tillegg til adressesystemet. Eg ser det som ein ekstra kvalitet ved det norske samfunnet at det er tradisjon for denne type kartlegging på eigedoms- og personnivå til dels heilt fram til dagen i dag. Det er med og bidrar til eit ope samfunn sjølv om personvernet vert ivareteke.

Gards- og ættesoge er naturleg nok eit bygdefenomen. Det finst ingen eksempel på tilsvarande mikrohistorie frå større byar. Kanskje med eit unntak: Karl S. Leewys bokverk Kristiansands bebyggelse og befolkning i eldre tider i 12 bd. som systematisk tar for seg bygningar og kvartal i den gamle kvadraturen i sentrum. Eit utanlandsk verk er H.U. Ramsing: Københavnske ejendomme 1377-1728 (opplyst av Torbjørn Pihl) som har med huseigarar.

For dei mindre byane her i landet er det gjerne eitt eksempel som vert drege fram: Bergstaden Røros, verdsarvstaden, som i 1974 fekk to band med gards- og slektshistorie for sine 5000 innbyggjarar. Professor Jørn Sandnes, kjend både som riks- og lokalhistorikar, melde boka i tidsskriftet Heimen. Han var akademisk sterkt skeptisk til tiltaket:

”Gårds- og slektshistorie for en by, det er for det første en oppgave til å knekke nakken på, for det andre en oppgave ingen annen by enn Røros ville finne på å ta opp. Men langt på vei speiler det også byens egenart og opphav.”

Men Bergen tar også vare på ein verdsarv, ja til og med i dobbelt forstand: Bryggen og lepraarkiva.

Ja, har det noko meining å granska og skriva historia for kvart hus og kvar husstand, kvar familie i Bergen sentrum, sjølv om ein kanskje avgrensar seg til tida før 1800, før 1900 eller før 1950? Kvifor bør ein i heile tenkja på å skriva slike bøker?

Eit enkelt svar vil vera at det er relativ stor interesse for denne typen detaljert og konkret kunnskap. Slik eg ser det gjer det livet rikare både for dei som bur i strøket i dag, har butt der, eller vil koma til å bu der, og dei som meir tilfeldig vandrar i smitt og smau som turistar og andre nysgjerrige. Slekts- og lokalhistorikarar både i og utanfor Bergen vil ha nytte av slike kvalitetssikra framstillingar. Det same gjeld offentleg forvaltning og private verksemder i byen. Dermed kunne også både byantikvar og fylkeskonservator få sikrare opplysningar enn dei tydlegvis har i desse branntider. Ei slik gjennomgransking vil vera eit solid grunnlag for utarbeiding av strøkshistorie og for komande byhistorier, men også for brosjyrar, vegvisarar og undervisningsopplegg.

Etter mi meining er det etter kvart for mykje generell og overflatisk kunnskap som vert formidla, ikkje minst på nettet. Det trengst ei faktabasert gjennomgransking av dei minste einingane i bysamfunnet. Slik kan me koma inn på livet av vanlege menneske i fortida, som har butt i Bergen, anten dei er våre forfedre eller ikkje. Den nære og konkrete historia er eit velferdsgode for mange av oss.

Men er det mogleg å skriva slik historie? Finst det gode kjelder? Tar det lang tid? Kven skal gjera det? Og korleis? Eg skal ikkje gje alle svar her, men litt kan eg seia.

Mykje kjeldemateriale er gjort lettare tilgjengeleg
Etter at Statsarkivet i Bergen, med Yngve Nedrebø som primus motor, på slutten av 1980-talet hadde dataregistrert ei rekkje sentrale slektshistoriske kjelder for Bergen, var min påstand, først halvt i spøk må eg innrømma, at no kan det skrivast bygdebok, dvs. hus og slektshistorie for Bergen. I 1994 heldt Nedrebø eit spennande foredrag på eit seminar her i Bergen, i regi av Landslaget for lokalhistorie, om ”Strøk- og hushistorie i Bergen. Ideer og data”. Her nemnde han ei mogleg ”smug- og ættesoge” for Bergen.

Seinare er mengda av dataregistrert materiale for Bergen (og resten av Hordaland og Noreg) utvida kraftig. I tillegg til sentrale seriar i statsarkivet er det også registrert ein del materiale i Riksarkivet og i Bergen byarkiv. Alt er tilgjengeleg via Digitalarkivet som kom for ti år sidan. I tillegg er Arkivverket i ferd med å skanna og gjera tilgjengeleg over nettet all den mikrofilmen som først og fremst mormonarane har produsert sidan 1950-talet. I første omgang er kyrkjebøker og tinglysingsmateriale (pantebøker med panteregister, dvs. eigedomsopplysningar mm) gjort tilgjengeleg. Digitalisering av dei mest sentrale seriane lettar sjølvsagt arbeidet svært mykje for brukarane.

Det vil også letta arbeidet at kommunane elles på Vestlandet har satsa sterkt på skriving av gards- og ættesoger, og at utanlandske kjelder no er lettare tilgjengeleg. Spissformulert kjem som kjent bergensarane frå Strilelandet og Sunnfjord, og frå Tyskland. Dette må også vera eit poeng i Mangfaldsåret.

Som for gards- og ættesoger kan arbeidet delast i to: opplysningar om kvar gate og kvart hus, og opplysningar om dei heimehøyrande personane. Sentrale kjelder for bustadene og næringsbygga er sjølvsagt alle typar eigedomsregister, branntakstregister, reguleringsplanar, kart osb. For personane kan ein nytta ulike personregister som manntal, folketeljingar, kyrkjebøker (registrert 1663-1912, då folkeregisteret for Bergen byrjar), skiftemateriale, militære rullar osb. På vanleg måte må så opplysningane om kvar person og familie koplast/lenkast saman, det må skje ei såkalla familierekonstitusjon, kopling av born til foreldre og eventuelle ektemakar, og folk til hus og lokalitet, kvar dei kjem frå og kor dei har flytta. Eit stort og tidkrevjande arbeid trass i alle databasar.

Etter å ha eksperimentert litt med kor langt ein kunne koma med det edb-registrerte kyrkjebokmateriale måtte Nedrebø konkludera med at det var ”vanskeligere enn jeg hadde regnet med”. Det er fleire problem:

  • den svært mobile befolkninga i Bergen, mange flyttar nesten kvart år innan byen, i tillegg til stor flytting inn og ut av byen.
  • manglande adresser til om lag 1800, særleg for fødslar
  • mangel på faste familienamn, m.a. vakling mellom patronymikon (farsnamn) og ”slektsnamn”

Kyrkjebøkene må difor supplerast med ei rekkje andre kjelder slik som skiftematerialet (som ikkje omfattar dei fattige) og diverse register over ulike utgrupper slik som spedalske, slavar, fattige, soldatar, sjøfolk og grundige, men relativt få, heimstaderklæringar. Storparten av dette materialet er dataregistrert. Frå byarkivet er fattigprotokollar for slutten av 1800-talet gjort tilgjengelege.

Ein tur til Klingesmauet
Eg har sjølv prøvt ut delar av materialet for å finna ut meir om eit tipp-tippoldepar som flytta frå Bergen til Stord ein gong mellom 1812 og 1815.

Elias Olsen gifte seg med Janiche Henricha Engelau i Domkirken i 1805. Han var utlært skomakarmeister med borgarbrev frå året før. Då budde han hos foreldra i rode 23 nr. 25, ”Jan Klings Smaug”, seinare Klingesmauet 1 ved Mariakirken, i det strøket ein vel kan kalla Nedre Stølen, i Korskirkens sokn.

Og der budde han og Janiche også frå 1805, men flytta så etter nokre år vidare til rode 23 nr. 65, Steinkjellergt. 13 der tippoldemor mi, Steffeline vart fødd. Ho døydde som husmannskone på Stord før ho fylte 39 år.

Besteforeldra hennar i Bergen vart buande i Klingesmauet 1 der bestefaren døydde i 1821. Bestemora døydde fire år seinare i Nedre Blekevei 14-16 (rode 23 nr. 134).

Kvifor dei flytta til Stord og slo seg ned på prestegarden der, veit me ingenting direkte om. Men Sverre Steen skriv i si bergenshistorie at det var dårlege tider for handverkarane rundt 1814. Kanskje dei vart dytta til Stord, meir enn at det var noko som drog. Spennande, men vanskeleg å finna ut av. Det er fjern slektshistorie, men ikkje fjernare enn at det finst etterkomarar i dag som heiter både Jannicke og Lina, ei forkorting for Steffeline.

Kopling av opplysningar i databasar
Desse opplysningane kan i dag, med ein del arbeid, hentast ut av ulike databasar i Digitalarkivet. Men kunne ein ikkje kopla desse basane saman? Dei ansvarlege har sjølvsagt tenkt på dette lenge, og til og med gjort ein del med det. Det er no slik at ein kan søkja gjennom alle databasane i eitt søk. Sjølv om dei mange stavemåtane av namn er eit problem, er likevel dette til god hjelp.

Men i vår samanheng er det mest spennande prosjektet ”BerGis - kartportalen til fortida”. Dette er heiter det ”ein geografisk inngang til grunnbøker, kyrkjebøker, branntakstar og folketeljingar i det gamle Bergen. Gjennom ulike kjelder kan vi følgje grunnen og dei "paaboende" over tid”. Grunnlaget for Bergis er koplinga mellom grunnbøkene og kartmateriale i tidsrommet 1686 til 1888. GIS er som dei innvigde veit, ei forkorting for Geografiske Informasjonssystem.

”Urbane landskap er eit forskings- og undervisningsprosjekt ved Historisk institutt, UiB. Primus motorar er Geir Atle Ersland og Arne Solli. Prosjektet sitt hovudmål er å studere bysamfunn og tilføre ny kunnskap om bysamfunnet.”

Har du rodenummer eller gateadresse kan du ved å klikka på eigedomen på kartet også få fram opplysningar frå dei aktuelle databasane i Digitalarkivet. Med andre ord eit godt steg i retning av ei hus- og familiehistorie for det gamle Bergen. Ikkje rart at dei to prosjektleiarane er krye, som det vart sagt i NRK for få dagar sidan.

Samarbeidspartnarar for dette prosjektet er utanom institusjonar ved Universitetet i Bergen m.a. Statsarkivet i Bergen og Digitalarkivet, Bergen Byarkiv og Oppmålingsavdelingen i Bergen kommune.

Men mykje vil ha meir. Det fungerer greitt med geografisk inngang, men eg ville også gjerne kunna nå desse opplysningane via rode og husnr., og adresser, og slik sleppa å leita meg fram på kartet. Det let seg sikkert enkelt gjera. Dessutan merkar eg meg at for Klingesmauet er dei eldste opplysningane frå branntakstprotokollen i 1788. Eldre opplysningar har stort sett ikkje presise nok adresser eller ingen adresser. Eksempel kan vera: Rolff Klings smug, Jan Klings smug, Jan Klings smug i Fredrik Brandtes hus, Kyppersmuget (her budde det mange kipperar, dvs. tønnemakarar) utan at husnummeret er med.

Vegen vidare: eit prosjekt for hus- og familiehistorie?
Kan det utviklast eit felles prosjekt for hus- og familiehistorie for det gamle Bergen? Som de forstår er det alt gjort mykje av mange ulike institusjonar og miljø. Arkiva med både digitalisert og udigitalisert materiale er sjølvsagt sentrale. Statsarkivet og byarkivet sit med brorparten av det aktuelle eldre materialet. Det er gledeleg at byarkivet no har fått i gang ei digitaliseringseining. Byggesaksarkivet som er viktig både for byråkratar, folk flest og historisk interesserte, har førsteprioritet. Dei mange adressebøkene for Bergen frå 1884 er døme på andre kjelder som kan prioriterast.

Prosjektet kan som for tradisjonelle busetnadssoger, delast i to: hus og folk. Prosjektet kan i første omgang avgrensast i tid, f. eks. berre fram til 1801 eller 1900. Då vil ein ikkje ha problem med tilgang til personregister. Men ved å satsa dristig fram mot vår tid vil ein også kunna gjera bruk av minnestoff frå både eldre og yngre sentrumsbuarar. Det vil skapa større blest og meir oppslutning om prosjektet dersom ein kan få i gang ein minnedugnad som kan hausta inn opplysningar som anten ikkje finst i arkiva eller i beste fall er tungt tilgjengelege. På Bergens Tidende sine nettsider kan ein no få med seg livsminne frå 27 eldre som bur på aldersheim i Bergen. Her kan me f. eks. møta Ragnhild Husebø som dreiv Leppen kaffehus frå 1948 til 1973.

Eit slikt prosjekt kan også i første omgang avgrensast til to-tre strøk og setjast i gang som eit prøveprosjekt. Det kan vera eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Det kan kanskje baserast på ein kombinasjon av offentleg og private midlar, med dugnadsinnsats frå interesserte miljø og enkeltpersonar. Kvalitetssikra produkt kan publiserast på nettet, men også som bøker.

Representantar frå dei mange abm-institusjonane (arkiv, bibliotek, museum), kulturminneforvaltninga i byen og fylket, universitet og høgskule, kulturvernlag, forvaltningsorgan og næringslivet i Bergen burde koma saman for å drøfta om det finst vilje og ressursar til å satsa på eit slikt ambisiøst og konkret prosjekt i denne historiske byen. Og korleis det kan gjennomførast.

Mi haldning er at når Røros kunne, kan vel Bergen. Yes, we can, som det no heiter.